Lyst på litt god mat og ein svingom?
Surnadal Pensjonistlag arrangerer trivselskveld på Thon Hotel Surnadal onsdag 10.4. kl 1900. Først får vi ein enkel middag i restauranten, før vi går til Gladlaksen for kaffe og dans til Trond Larsens kvartett
Vi fann 7128 artiklar i dette arkivet.
Surnadal Pensjonistlag arrangerer trivselskveld på Thon Hotel Surnadal onsdag 10.4. kl 1900. Først får vi ein enkel middag i restauranten, før vi går til Gladlaksen for kaffe og dans til Trond Larsens kvartett
Det er nok mange som lurar på kva den store aktiviteten i Kvennsetøran bustadfelt, der både gravemaskiner og boreriggar er i aksjon. Løysinga på det spørsmålet er at det i dag blir lagt ny rør for å frakte vekk gråvatn som er filtrert vekk frå kloakkanlegget i bustadfeltet. I staden for infiltrering i jorda blir det no lagt rør ned mot sjøkanten og vidare utover til marbakkan.
Onsdag 19. juni kjører Gunvor Fuglevåg siste postruta si til Todalen. Når ho har kjørt runden denne dagen, så parkerer ho postbilen og blir pensjonist. Todalsvegen kjenner ho godt, for ho har heldt det gåande sia 1992, da ho tok over ruta og det vart full fres frå 1993. Sia har det berre vore nokre avbrekk på dei 27 åra, så ho kjenner nok «kvar stabbstein» på vegen inn til Todalen og oppover til Kårvatn.
Har enno til gode å treffe den personen som ikkje likar nystekte bakels, og den trefte vi heller ikkje i dag. Det var nok ei hyggeleg overrasking å bli påspandert bakels til kaffen på Matkroken i dag. Alt frå starten var det god respons da dagens 10-kaffe fekk ekstraforpleining med handelmann Nordvik.
Værmeldinga har liksom ikkje stått i forhold til værvarslet så langt i dag. Men det har vore skikkeleg stormflod, slik som meldt, og dermed oversvømming på mange plassar i flodmålet på Kvennset, Småbåthamna, Bordholmen, Halsetøran og på Ansnessaga. Vindretninga skal også dreie meir mot nord-vest og blir da kanskje meir rett inn fjordane.
For Rute 46 Kvanne – Rykkjem har Fjord1 sendt ut følgande melding: På grunn av dårlig vær er ruten inntil videre innstilt. Seinare – i 15.30 tida – er det meldt at trafikken på strekninga er komen i gang igjen, men at forsinkinger kan påreknast.
Når feiebilen dukkar opp, da er det som eit teikn på at våren er i anmarsj. Torsdag var Mesta ute med feiebilen, og vaska, pussa og støvsuga vegkantar langs FV671 inn til Todalen. Det blir mykje støv og lort i samband med strøing og salting gjennom ein lang vinter.
Indre Nordmøre Senioruniversitet har møte på Kulturhuset i Surnadal onsdag 27.mars 2019 kl 1100. På programmet står Anne Vognild Einum, som fortel om hobbyen sin og viser bilde under tittelen «Ein farfar i livet – – – «. Kaffe og kake – Billettpris: kr 100 / 150 – og sjølvsagt er alle velkomne!
Stig Husby er styreleiar i Todalen.no på 2. året, og begynner no å bli varm i trøya. Eit lite underskot i 2018 sette eit lite støkk i styreleiaren, og gjer at styret no set i verk tiltak for å sikre årets budsjett og for å legge eit betre økonomisk fundament for framtida. – For ein ting er sikkert, seier Husby, og det er at nyheiter kostar. Det kostar pengar å drive nyheitsformidling, sjølv om det meste av arbeidsinnsatsen har eit sterkt dugnadspreg. No oppfordrar styret i Todalen.no dei 1300 daglege lesarane til å bli med som støttemedlemar – og det kostar ikkje meir enn ein 200-lapp for året!
Når søskenpara Hemsing og Larsen slår seg saman, ligg det an til ei gnistrande konsertoppleving i Surnadal kulturhus 25. mars. Dei blir kvar for seg rekna mellom dei ypperste musikarane på sine felt, og summen av samspelet mangedoblar opplevinga, skal vi tru dei som har hørt desse fire før. Måndag vil «To damer, to herrer» presentere eit program som vekslar mellom folkemusikk frå Valdres og Trøndelag til verk av Bach, Ole Bull og deira eigen Gjermund Larsen
Det er faktisk 195 betalande medlemar i Todalen historielag. Mellom 30 og 40 av dei deltok på lagets årsmøte i Todalen ungdomshus i kveld, og det er jammen bra når ein samanliknar med andre lag og organisasjonar. Todalen historielag er aktivt gjennom heile året, og aktiviserer mange i arbeidet med å samle og sikre bygdehistoria vår.
Todalen idrettslag avviklar sitt årsmøte i Todalen ungdomshus onsdag 27. mars. No er saklista klar, og blir offentleggjort her på Todalen.no. Den inneheld stort sett vanlege årsmøtesaker som årsmeldingar, rekneskap, val, vurdering av medlemskontingenten og driftsbudsjett for 2019.