Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Folketog og feiring i skulen etterpå

Jon Olav Ørsal Fredag 17. mai 2019

Etter biltog og frukost på formiddagen starta den tradisjonelle feiringa av nasjonaldagen på ettermiddagen. Først gudsteneste i Todalen kyrkje, og så folketog til skulen der resten av programmet gjekk føre seg.

Etter gudstenesta la kommunalsjef Karin Halle på krans på krigsminnebautaen, og mintes deltakarane i 2. verdskrig som kom frå Todalen. Etterpå var det folketog frå kyrkja og oppover til skulen der resten av programmet gjekk føre seg.   I folketoget deltok også 17.-korpset i Todalen. Tidlegare skulekorpsveteranar og andre som har lys stiller kvart år og sørgjer for korpsmusikk til folketoget. Dei er liksom garantien for «ingen 17.-maitog utan korpsmusikk».

17.-korpset i Todalen er ein trufast gjeng som stiller opp kvart år – takk for at vi får korpsmusikk i toget – det betyr så mykje. Foto: Jon Olav Ørsal

Karin Halle heldt tale for dagen i Todalen – slepp til ungdommen var hennar budskap. Foto: Jon Olav Ørsal

I skulen hadde komiteen søga for kjøttsuppe til alle som ønskja det. Elles var det allsong og leikar for borna. Karin Halle heldt tale for dagen, som starta med dronefilm frå toppturar i Todalsfjella. Ho mimra også om korleis feiringa av nasjonaldagen gjekk føre seg da ho var ung og endringar i regelverk som har skjedd oppover åra. I dag er det faktisk enkelte plassar at politiet væpnar seg på nasjonaldagen. Ho refererte Stoltenbergs ord med at «Vi må bruke vettet vi alle – delta og skape fellesskap». Til slutt fikk ho god hjelp av 1.-4. klasse til å synge «Vi er en nasjon» av Henrik Wergeland.

Bildeglimt frå årets feiring av nasjonaldagen – alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 17. mai 2019, 18:09