NSF arrangerte randonée-trenarkurs på Kårvatn
Norges Skiforbund stod som arrangør av randonée trenarkurs på Kårvatn i Todalen i helga. Trenarkurset samla 18 deltakarar fra heile landet, og sågar eit par svensker deltok i kurset som hadde base på Kårvatn, og som bruka både Dalalia og uteområdet ved Dalahaugen til «klasserom». Ove Erik Tronvoll var instruktør og han er nok godt kjent frå skimiljøet og har mange kjente namn på blokka si.