Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

St. Hansfeiring med stort bål og fyr på grillen

Jon Olav Ørsal Sundag 23. juni 2019

Toåa tursti inviterte til St. Hans-feiring ved gapahuken i Gunnøya søndag kveld.  Sjølv om regnbygene gikk ganske tett utover dagen så klarte ikkje vêrgudane å skremme bort folket som ville delta på feiringa. I samband med tursti-dugnad var det samla saman eit stort bål med kvistar og anna rusk og rask, og handelsmann Nordvik kom med dieselkanna si og jammen fekk han fyr på bålet til slutt.

Folk kosa seg med grillmat og mykje anna godt utover kvelden. Foto: Jon Olav Ørsal

Etterpå var det samling ved gapahuken i Gunnøya, der det var full fyr på grillen og det kom fram både grillmat, kaffe og anna godt som folk hadde med seg. Her vart det også arrangert tursti, der folk med stor iver kasta seg inn i kampen om å få flest rette svar. Til slutt måtte det trekning til for å fordele premiane til vinnarane. 

Og jammen heldt vêrgudane seg nokolunde i sjakk, slik at folk kunne kose seg med god mat og drikke i kvarandre sitt nærvær.  nedafor har vi laga eit lite bildegalleri frå St. Hans-feiringa i Gunnøya.  Alle foto – Jon Olav Ørsal

Publisert: 23. juni 2019, 20:05