Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ræta Opp 2019 er klar på startstreken!

Jon Olav Ørsal Tysdag 25. juni 2019

Ræta Opp er eit mosjonsløp på 3 km som har både start og målgang på Bordholmen. Ræta Opp er eigenleg eit spesielt løp som har eit sosialt tilsnitt, for startkontingenten går i si heilheit til eit samfunnsnyttig formål som kjem barn og ungdom til gode og som varierer frå år til år. I 2019 er det MOT Surnadal som er den heldig mottakar, fortel Ingvild Kårvatn som er løpsleiar.

Startfeltet for Ræta Opp i 2015 – arkivfoto Jon Olav Ørsal

Løpet har start kl. 12 og startar med Mini Ræta – løpet for dei aller minste. Mini Ræta går ein runde rundt banen og alle får sjølvsagt ei fin deltakarmedalje som eit minne.
Rett etterpå startar Ræta Opp, og her tek deltakarane kursen over halsabrua og vidare mot Halset-ræta der løypa går heilt opp til toppen – og så nedover igjen, og tilbake over brua og inn til målgang på Bordholmen. Den som vil ha forhåpning om løyperekord kan ikkje være langt unna målet når 12 minutt er gått, men du kan for all del bruka den tida du vil. Du treng eigentleg berre å konkurrere med deg sjølv, og det viktigaste av alt er nemleg å delta, fortel Ingvild.

All inntekt går altså i år til organisasjonen MOT Surnadal. Startkontingenten på kr 100 for vaksne og 50 for born går altså uavkorta til MOT. Premiane til Ræta Opp er det Surnadal Sparebank og Gjensidige Surnadal som sponsar, men også andre lokale firma er rause til å donere premiar.  Kanskje er det fleire bedrifter som kan gjera slik som Svorka, som betaler for tilsette og familiar som stiller til start. Vi synes det er ein god ide seier, Ingvild som dermed oppfordrar til fleire firma om å tilby slike løysingar. Vi har også fått videohelsing frå MOT-ambassadørane Fagerli Brothers frå Orkdal og frå herrefotball A-laget i Surnadal. Dei oppfordrar alle til å ha MOT til å delta på Ræta Opp.
Derfor håpar vi at folk i alle aldrar, kan stille både med gåstavar, barn i beremeis, spaserande eller løpande blir å finne i løypa, seier Ingvild.

Det er lagt stor vekt på arbeidet til MOT Surnadal

Til slutt litt om MOT Surnadal – slik presenterer dei seg sjølv: 
MOT Surnadal jobbar etter MOTs grunnverdiar: MOT til å leva, MOT til å bry seg og MOT til å si nei. Vi gjennomfører tolv besøk i løpet av åra dei går på ungdomsskolen, der seks av dei er på åttande trinn. I tillegg prøvar vi å få til arrangement på skulen, som MOT til å glede-dagen og ulike temadagar. Vi har arrangert MOT-kveld på kalkstranda der ungdomane fekk være saman på kveldstid for å grille og «I Trollheimen» aktiviserte oss med ein lagkonkurranse.

Da bruka vi av pengegåva vi fekk til jul frå Svorka og daglegvarekjedene stilte med mat. Vi er svært takknemlege for at inntekta frå årets «Ræta opp» går til MOT Surnadal, slik at vi kan ha fleire slike arrangement på kveldstid.  Målet framover er å bygge MOT videre. Vi ønskjer at MOT skal være en rød tråd og bidra til å bygge en plattform med gode verdiar og haldningar for ungdomane i Surnadal kommune.

Publisert: 25. juni 2019, 18:08