Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tar ein trudelutt på gitaren i pausen

Jon Olav Ørsal Torsdag 20. juni 2019

Terje Kristiansen er godt kjent i Toåa og har fiska laks her i mange år – i fjor var han dreng på Todalshytta og fekk skikk på rododendronhagen oppå der.  I dag trefte vi Terje ved hengebrua – oppdaga at det stod ein open gitarkasse ved bilen der.  Dermed vart det ein stopp for å sjå kva som foregikk, og der ved gapahuken vart det ein liten minikonsert.

Terje var nemlig lett å be om å få ein liten trudelutt, slik at vi kunne lage ein liten videosnutt – som du kan høre ved å klikke på linken her!

På spørsmål om korleis det hadde gått med laksefisket så fortalte han at han hadde fiska ein dag, og ikkje fått nokon laks enno. Men Terje skal fiske i Toåa ei veks tid enno, og var egentlig ikkje bekymra for fangsten.

Etter at fisket starta den 15. juni er det teke fleire laks, og 3 av dei er over 6 kg, og den største på heile 9.3 kg . I tillegg er det ein på 6,1 og ein på 7,0 kg.  Går du inn på laksebørsen på elveguiden.no så finner du oppdatert statistikk både for Toåa og mange andre lakseelver.

 

 

Publisert: 20. juni 2019, 18:27