Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Steinmasse til byggefeltet på Nordvik

Jon Olav Ørsal Tysdag 25. juni 2019

Dei siste par dagane har det vore hektisk av grov steinmasse fra steindepotet i falla og ut av bygda. 2-3 tippbilar har nærast gått i skytteltrafikk nedover bygda og utover stranda. 

Vi kan avsløre at steinen er frakta til det nye bustadfeltet på Nordvik, der den er bruka til oppfylling på ei av dei tre byggeklare bustadtomtene, der ein er i gang med bygginga. Det er nemleg starta på arbeidet med 3 bustader i feltet der, og den eine bustaden er alt klar til innflytting. 

Publisert: 25. juni 2019, 16:59