Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 7110 artiklar i dette arkivet.


Tysdag blir første balldagen i år

Jon Olav Ørsal Sundag 21. juni 2020

Tysdag inviterer Todalshytta til første balldagen i år.  Søndag føremiddag da vi stakk innom Todalshytta var planlegginga i full gang. Sjølvsagt var Åse Grydeland Øyen der for å bidra med sin spisskompetanse og lange erfaring.  Åse var nemleg drivar av Todalshytta i 11 år, og treng nok ikkje å lese oppskrifta for å laga til ei fole med potetball. Denne søndags føremiddagen bruka Åse og Stian til å sette opp handleliste for tysdagens balldag


St. Hans og solnu laurdag kveld

Jon Olav Ørsal Sundag 21. juni 2020

Jammen går det mot mørkare tider igjen!  Det skjer faktisk før Hønhalsen er gått av, og vi har fantastiske dagar med sydenstemning og temperaturar heilt opp på trettitalet.  Laurdag kveld – 20. juni kl. 21:44 (UTC) «snudde» sola og dermed går ubønhøyrleg mot ein ny vinter etter kvart. Men først skal vi nyte sommaren og ferietida – som vi lenge har gledd oss til.


Laksen biter i sol og varme

Jon Olav Ørsal Laurdag 20. juni 2020

Vi har rimeleg gode bevis på at laksen biter godt i sol og varme. Dei siste dagane har vore utfordrande for ein og kvar som må jobbe og stå på.  Men vi kan ikkje klage, for det er vel akkurat slike dagar vi har drømt om å oppleve under sydens sol.  I Toåa biter iallfall laksen godt, og i løpet av dei 6 første dagane i årets sesong er det kome på land tilsaman 20 laksar med ei gjennomsnittsvekt på 5,4 kg og den totale fangsten er i skrivande stund kome opp i 108,7 kg.


Kjøp lodd i SuperLotteriet og vinn

Jon Olav Ørsal Fredag 19. juni 2020

Det tradisjonelle superlotteriet er i gang igjen – i dag var det loddsalg på butikken, og der treffer du folk i opningstida laurdag også. Det er mange fine gjevinstar – hovudgevinsten er en Admiral hagesofa til verdi 14.990 og eller er det både trådlaust headset og strandpakke – totalt er det gevinstar for nærare 18.000. 


Siste runde med skulebussen til Todalen

Jon Olav Ørsal Fredag 19. juni 2020

I dag er siste skuledag for barneskulen og ungdomsskulen, og dermed siste dag med skulerute til Todalen denne våren. Dermed er det ogs siste dag som fast tilsett skulebussjåfør for Kristian Kjølstad.  Dette vart markert i kaffekroken i dag tidleg, da Jorid H. Ansnes overrakte ein blomstebuett som ei helsing frå Matkroken Todalen. 


Hurtigdugnad til finpuss på kyrkjegarden

Jon Olav Ørsal Fredag 19. juni 2020

Vi treng litt hjelp til finpuss på kyrkjegarden i kveld – ta med deg kantkløppar og kom oppfordrar Ragnar Halle.  I dag blir det plenkløpping av kyrkjegarden, og etterpå blir det finpuss rundt kyrkjegardsmusen og rundt gravminna.  Han oppfordrar også eigarane av gravminna til å ta ansvar for å rydde egne gravsted.  


Storlaksen sleit seg laus og forsvann

Jon Olav Ørsal Torsdag 18. juni 2020

Det har vore godt fiske i Toåa sia starten på laksefisket natt til måndag. På laksebøresn er det i skrivande stund registrert 12 laksar med ei gjennomsnittsvekt på 5,8 kg, og av desse er det 4 laksar over 7 kg, som dermed kan betegnast som storlaks.  Men dramatikken i dag skjedde på Ramsøyvaldet…


Stavgang (med varmgang) på Tjønnmyran

tekst og foto: Bitten Ranes Torsdag 18. juni 2020

Vi klager ikke på varmen! Måtte gud forby! Men i gapahuken var det godt å sitte! Stor og romslig og med skyggeplass til alle. Vandringa ble ikke av de lengste, men hva gjør vel det når trivelig folk møtes, og kan skravle i veg om stort og smått. Om det som er fint og hyggelig, men også om livet når det røyner på. Da er det godt om noen kan låne øre – vi trenger hverandre! 


Sjå Nauståfossen på sitt aller prektigaste

Jon Olav Ørsal Onsdag 17. juni 2020

Tysdag var Nathan Lediard på fotooppdrag på Kårvatn – da var Nauståfossen på sitt aller flottaste.  Nathan nytta sjølsagt dette høvet til å få drona i lufta, og gjorde ei rekke fine opptak av Naustafossen for Kårvatn Fjellustyr.  


Fjellgruppa på tur til Trodalen

Jon Olav Ørsal Onsdag 17. juni 2020

Pensjonistlagets Fjellgruppe har vore på tur til Trodalen i dag. – I det overlag fine veret var det totalt 29 som deltok. Lang og interessant tur fra fjøra etter den gamle stien/vegen opp gjennom skogen fram til garden – fossen var på sitt beste , skriv Kristian Ranes


Første møte i Barne- og ungdomsgruppa

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 17. juni 2020

På årsmøtet i Todalen Idrettslag 4.juni vart den nye organisasjonsstrukturen for Idrettslaget vedteken. Tysdag var det duka for det første møtet i den nye Barne- og ungdomsgruppa. Gruppa består av: Ola Dalsegg (leiar) Anders Gjeldnes, Ole Martin Øyen, Knut Bergli, Marit Bruset, Sina Kristin Moe, Finn Ranes og Bjørn Gunnar.


Vart dregen utfor fossen av vannmassane?

Jon Olav Ørsal Tysdag 16. juni 2020

Ein kronhjort som prøvde å ta seg over Toåa ovafor Storfossen hadde ikkje akkurat hellet med seg.  Hjorten mista sikkert fotfestet og dermed bar det utfor fossen og da er sjansane små i slike vannmassar som det er no. Vassføringa i Storfossen har dei siste dagane lege mellom 35 og 60 m3/sek.