Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Eg driv på med dette for å halde liv i meg sjølv…

Jon Olav Ørsal Laurdag 12. september 2020

Det er lyset som skaper motiva, sa Reidar Østvik, da han laurdag ønska publikum velkomne til fotoutstilling i Finstua i Surnadal kulturhus.  Og 85-åringen veit kva han snakkar om, for han har dyrka fotokunsten heile livet, og ein kan beundre hans evne til å bruke lyset i sine motiv – spesielt portrettfoto.

Fram til 27. september er han altså aktuell med fotoutstilling med 2 tema – natur og bevegelse. Dei siste dagane har Reidar og hjelparane vore i full aktivitet med å få på plass utstillinga i kulturhuset, og den har han all grunn til å være stolt av.

Eg held på med dette for å halde liv i meg sjølv, sa ein openhjertig Reida Østvik da han ønska publikum velkomen til ustilling i kulturhuset. Foto: Jon Olav Ørsal

– Eg driv på med dette for å halde liv i meg sjølv, seier Reidar, som openhjartig fortel om sjukdomen som sette han langt attende.  Eg var langt nede, og har no bruka dette for å koma meg opp igjen, og tykkjer sjølv at eg har lukkast bra med det. Reidar er raus når han takkar alle dei som har vore til stor hjelp no i innspurten  – med Marit i spissen.

Øystin sandbukt sørga for kulturelt innslag før opninga av utstillinga. Han imponerte med sitt gitarspel, og fekk mykje applaus. Foto: Jon Olav Ørsal

Da utstillinga opna i dag var Ålvundeidingen Øystein Sandbukt hyra inn til ein liten minikonsert i hotellets foajé. Der tok han oss med på ein liten runde med gitaren sin – der han bydde på både eigne komposisjonar og nokre lokale og internasjonale folketonar. – Ei flott stund og eit gitarspel som han hausta mykje applaus for. Mellom 40 og 50 personar var møtt fram for å få med seg opninga av utstillinga – både fotointeresserte, kunstinteresserte – samt familie og venner.

Mellom 40 og 50 person kom på opninga av utstillinga sist laurdag. Utstillinga blir hengande til søndag 27. september. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 12. september 2020, 15:29