Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Så bers det til Austlandet med glas- og metallemballasjen

Jon Olav Ørsal Tysdag 15. september 2020

Tysdag var Veglo avfallshandtering ein snartur innom Matkroken Todalen for å tømme avfall frå  kontaineren med glass- og metallemballasje som står ved butikken. Mister Snekkestad som var sjåfør på bilen fortalte at han skulle kjøre avfalle til Stjørdal, der det foregår ei viss sortering før det bers sørover til Austlandet med glassavfallet.

Han visste ikkje akkurat kor det bars med glasavfallet, men det blir nok smelta om til råstoff for nye produkt.  Han hadde ei oppfordring om å lese informasjonen som står om sortering av glass- og metallemballasje slik at en unngår bøter for sorteringsfeil som fører til mykje ekstra arbeid – og ekstra kostnader. 

Glasskontaineren ved Matkroken blir tømt i samlekontaineren på lastebilen frå Veglo. Foto: Jon Olav Ørsal

Snekkestad fortalte at dei ofte finn mykje rart i kontainerne som er sette ut. Det er viktig å merke seg at det er glass- og metallemballasje som skal kastes i kontainerane og ikkje porselen og metall avfall av alle slag. Det verste han hadde sortert vekk frå kontaineren er ei komplett sett med teltstenger til eit hustelt, som førte til at vart vanskeleg å tømme kontaineren. 

Publisert: 15. september 2020, 10:29