Brøytesesongen i gang – ny rode for Todalen Mjølk
Plutselig vart det aktuellt å starte brøytesesongen. Det kom slett ikkje overraskande, men etter ein periode med høge temperatuar vart det liksom fort vinter og snøslaps. I år er det Todalen Mjølk som skal sørge for å halde vegane opne både rundt Todalen som før og i tillegg har dei fått kontrakt på ein ny rode som går frå Kvennset og utover til Todalskrysset (Hauahyllå), fortel Ståle Ansnes som er ein av brøytesjåførane.