Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Måndag er det klar for solsnu – endeleg går det mot lysare tider

Jon Olav Ørsal Sundag 20. desember 2020

Vintersolkverv er det tidspunktet på året at sola står lågast i forhold til horisonten. Dette skjer den 21. eller 22. desember og varierer i forhold til skottåret.  I år er vintersolsnu måndag 21. desember, og det nøyaktige tidspunktet er kl 10.02 UTC.  Dermed er natt til måndag årets lengste natt og måndag er årets kortaste dag.  Det monner ikkje så mykje de første dagene, men etter kvart så stig daglengda med 6 minutt kvar dag her på Nordmøre.

Med 6 minutt kvar dag så blir det ein time på 10 dagar og da begynne det å monne litt.  Det er nok mange som tykkjer at «mørketida» frå midten av november til vi når tak i februar er den tyngste tida og mange har dårleg erfaring med søvnkvaliteten på denne tida.  Godt er det altså at det går mot lysare tider frå måndag.  

 

 

Først publisert: 20. desember 2020, 08:00 - Sist oppdatert: 19. desember 2020, 23:26