I dag starter salet av fiskekort i Toåa
Styret i Todalen Elveeigarlag har sendt oss ei pressemelding, der dei ønsker å informere om nye fiskeregler i Toåa for årets sesong. Elveeigarlaget skal teste ut ein ny modell for fiskeutleie i Toåa for sesongane 2021 og 2022. Over 85% av den ca 8 km lakseførande strekninga i Toåa skal ingå i eit valdsamarbeid, der det tilretteleggast for fiskeutleie til ulike segment av laksefiskere.
Tove Talgø Brøndbo frå styret fortel at det har vore jobba intenst dei siste dagane med å få mykje på plass, og i morgon torsdag starter salet av fiskekort i Toåa. Bla vidare og les pressemeldinga frå elvaeigarlaget…