Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Historisk sus frå den øvre delen av Brusetgrenda

Jon Olav Ørsal Laurdag 29. mai 2021

Todalen historielag har gjennomført nok ei suksessfull kulturvandring.  Historielaget jobbar i medvind, og har klart å skape ein stor interesse for lokalhistorie i bygdasamfunnet. Det lokale historielaget har mesta fleire medlemar enn det er innbyggarar i Todalen, og det viser vel at den lokale historia har interesse langt ut over bygdas grenser. – I dag gikk den årlege kulturvandringa til øvre Brusetgrenda – frå Bruset og oppover til Brusetnesset og hengebrua. 

Stopp på turen – her ved Brusethaugen som kanskje er ein av dei eldste husmannsplassane som var i Todalen. Foto: Jon Olav Ørsal

Eit førtitals deltakarar var møtt opp på Bruset for å få med seg den historiske runden som gikk oppover frå Bruset og vidare til Brusetnesset og om Ner-Nesset og Fosstrøin på returen – sjølvsagt var det lagt inn kaffepause nederst nedpå nesset, der Kristen Bruset har laga ein sosial møteplass til slikt bruk.  Må forresten skryte litt av det private turstiopplegget som går frå Bruset og langs elva oppover til Brusetnesset, der det i tillegg er tilrettelagt med parkeringsplassar.  Kan godt anbefale å ta den turen som kan gjennomførast med joggesko eller fjellsko. 

John Moe og Kristen Bruset koka kaffe på svartkjelen og serverte på deltakarane under kvilepausen. Foto: Jon Olav Ørsal

Kulturvandringa i dag starta med at John Moe, som er leiar i historielaget, ønska velkomen, og orienterte opp opplegget der historielaget hadde sikra seg lokale guidar i Ola Bruset og Kristen Bruset.  Dei to fortalte mest om hus og litt om folk, og korleis dei forskjellige plassane har forandra seg oppgjennom tida.  I tillegg var det laga bildeutstillinga som viste korleis det såg ut og kva hus som fanntes på dei forskjellige plassane oppgjennom tida.  Ola Bruset fortalte at det eldste huset på Bruset kan daterast attende til 1650, og etter den tid har det nok skjedd mykje både med riving, bygging og flytting av hus. Det var mykje folk på gardanen før, og på Bruset var det 17 personer som budde under folketeljinga i 1875 – derav 5 vaksne drengar og 4 tjenestejenter. 

På returen gikk turen langs elvepromenaden – flott privat tursti som går langs elva frå Bruset og oppover til Brusetnesset/Hengebrua – verdt å ta ein tur! Foto: Jon Olav Ørsal

Vidare oppover grenda passerte vi Bakketun, Høyen, Høgtun og Brusethaugen før neste stopp var Brusetnesset, der Kristen Bruset hadde ei orientering om liv og virke der og om Ner-Nesset som vart flytta til Høyem og oppattbygd der.  Brusetnesset vart bygd så seint som i 1914-15, fjøset vart bygd i 1917 da Bruset garden vart delt. På turen attende gikk turen ved «elvepromenaden» frå hengebrua og nedover langs elva til Fosstrøin og til Bruset. Kristen Bruset orienterte om gamle vad, bruer og bruplassar på turen nedover langs elva. Den siste brua som vart bygd er nok Phillipsbrua i Ramsøydalan som vart rekonstruert på 90-talet.  

Bildegalleri frå kulturvandringa og turen rundt i Øvre Brusetgrenda – Alle foto:  Jon Olav Ørsal

DSC_0711

Picture 1 of 15

Start frå Bruset der det var laga ei lita bildeutstilling som viste utviklinga oppgjennom tida

Publisert: 29. mai 2021, 15:44