Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Frå topp til topp – ein fjelltur utan like!

Jon Olav Ørsal Laurdag 29. mai 2021

Vi har i dag fått flotte fjellbilder frå Erik Kårvatn og Kristoffer Nordvik.  Saman med venner frå Trondheim Randoneeklubb har dei vore på ein tur som ingen har gjort makan til i Todalsfjella.  Med start frå Todalsøra gikk turen til Litjfjellet, Rambjøra, Vassnebba, Blåfjellet, Snøfjellet og gikk til slutt «i mål» på toppen av Skjeringfjellet.  Dette er ein tur som tok 10 timar, og var litt av ei oppleving for dei som deltok.

Målet er nådd – toppen av Skjæringfjellet. Her har dei utsikt utover fjellrekka dei har vore innom – og til høgre på bildet har vi Todalen. Foto: Erik Kårvatn

Erik og Kristoffer er vi godt kjent med, men med på turen var venner frå Trondheim Randoneeklubb – Johanna Åström og Thomas Berge Foyn.  Her luktar det både verdenrekordar og andre prestasjonar.  Johanna er da ein av verdas beste sky-runarar – sjølv om ho starta med konkurransar for 3 år sia. 

Turen gikk både til fots og på ski – faktisk var det litt mindre snø i fjellet enn dei hadde rekna med og dermed vart meir av turen gjennomført til fots og tok litt lengre tid enn dei rekna med. Men turen var litt av ei oppleving i det fine være og den fine utsikten etter kvart som dei forserte toppane innover fjella.  

Turen innover fjella gikk delvis på ski og delvis til fots. Det var mindre snø i fjellet enn dei rekna med, og dermed tok turen litt lengre tid enn planlagt. Foto: Erik Kårvatn

Ski på sekk på turen opp til toppen! Foto: Erik Kårvatn

Publisert: 29. mai 2021, 21:55