Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 2741 artiklar i dette arkivet.


Redningsaksjon på morgenkvisten

Elinor Bolme Fredag 29. juli 2016

I dag tidleg var det redningsaksjon av kommunalt materiell på Kalkstranda i Surnadal. Ei kraftig uvêrsbyge over Surnadal i går kveld gjorde at stupetårnet som til vanleg er forankra ved Kalkstranda sleit seg. Dermed vart det eit litt anna redningsoppdrag som venta beredskapsvakta og medhjelparane i dag tidleg når dei måtte få tak i flytebryggja og taue ho på plassen sin igjen.


Småviltjakta hausten 2016

Elinor Bolme Fredag 29. juli 2016

Surnadal Jeger og fiskeforening har også i år muligheit for småviltjakt på Kårvatn denne hausten. Foreningens medlemmer har prioritet, og må melde si interesse til foreninga innan 8. august.


Langt unna bunnlinja!

Elinor Bolme Torsdag 28. juli 2016

Kveldens tjuvstart på årets Stangvikfestival 2016 gjekk for fullsatt sal og vel så det på Gammelfabrikken. Og hvilken start dei starta med! Styreleiar i festivalen; Torbjørn Larsen ønska alle tilreisande velkomne og var naturleg nok mektig imponert over kor mange som hadde teke turen innover til Todalen for å oververe det anerkjente teaterstykkjet «Bunnlinja» av og med Marianne Meløy og Trygve Brøske.


Surnadal Golfpark jubilerer

Elinor Bolme Tysdag 26. juli 2016

I august 2016 er det 10 år sidan Surnadal Golfpark offisielt vart åpna, og Surnadal golfklubb har som seg hør og bør planlagt eit jubileumsarrangement for å markere dette. Som ein viktig del av dette er det lagt opp til ei jubileumsturnering laurdag 13. august, men også andre aktiviteter for hele familien på baneområdet. Til kvelds blir det dekket for middag i «maskinlageret» ved golfbanen.


Surnadal kommune er ingen versting i årlege kommunale avgifter

Elinor Bolme Måndag 25. juli 2016

Statistisk sentralbyrå (SSB) har laga ei oversikt over kor mykje den enkelte kommune i heile landet tek i kommunale avgifter for Huseiernes Landsforbund. Oversikta er basert på tall kommunane sjølv har levert inn til den kommunale databasen Kostra for 2016. Undersøkinga viser at spennet varierer mellom 6 000 og nesten 20 000 kroner. I vårt omland kjem Sunndal best ut med 10 389 i årlege avgifter. Surnadal har 12 644,- Halsa 15 078,- medan Rindal «toppar» med sine 17 914,-


Kvalitet fra øverste hylle

Elinor Bolme Måndag 25. juli 2016

Programmet er klart, og Stangvikfestivalen startar årets festivalhelg her i Todalen med det anerkjente teaterstykket Bunnlinja på Gammelfabrikken torsdag kveld.
Stykket har gått for fulle hus på Trøndelag teater over lengre tid, og vi ser av annmeldninga, at dette kan være eit stykke verd å få med seg:


Kart over alle sommerturar

Elinor Bolme Sundag 17. juli 2016

IL Søya har nyleg fått laga eit eige kart over alle sommarturar i omlandet. Dette viser alle opparbeidde stiar og er merka med to ulike kategoriar; Trimturar og egna sykkelturar, heilt frå Gammelsetra i Stangvika til Inner Sulå på Nordvik. Kartet heng i storformat på Vang og viser veg.


Langt unna urolegheitene

Elinor Bolme Laurdag 16. juli 2016

Det er store urolegheiter både i Frankrike og i Tyrkia for tida, og mange er uroa over familie og venner som oppheld seg i desse områda. Vi har i dag vore kontakt med Ingrid Pedersen som no snart har vore ei veke i Alanya i Tyrkia saman med ektemann Dan Roger. Dei bur ca 1 kilometer utanfor sentrum av Alanya, og dermed langt unna urolegheitene i Ankara og Istanbul, og har ikkje opplevd noko dramatikk og uro så langt kan dei berolige.


Hasteforskrift mot utsetjing av saltstein og fôr til hjort og elg

Elinor Bolme Torsdag 14. juli 2016

Mattilsynet har no innført forbod mot å legge ut fôr, samt å henge opp saltstein til elg og hjort. I forbindelse med sjukdommen Chronic Waisting Disease (CWD) har Mattilsynet laga ei hasteforskrift som gjelder frå å med 11.juni og ut året 2016.


Er du her?

Elinor Bolme Tysdag 12. juli 2016

Av og til skulle ein gjerne ha hatt eposten til ein nabo eller nokon annan i bygda. Da er «Todalslista» kjekk å kunne slå opp i for å sjå om problemet løyser seg. Av og til gjer det dét, andre gongar ikkje. Derfor oppfordrar vi fleire todalingar om å melde inn si adresse på red@todalen.no slik at vi kan komplementere lista.


Kun 2 ledige plasser på Søyacup

Elinor Bolme Fredag 8. juli 2016

Lørdag 27. august arrangeres årets utgave av Søyacupen. Det er allerede påmeldt hele 66 lag til cupen, så cupen på Søyabanen viser seg mer populær enn noen gang! Vi har allerede passert deltakerrekorden fra tidligere år, og det 1,5 måned før cupen!!


Siktar seg inn på ein rettare mur

Elinor Bolme Onsdag 6. juli 2016

Førstkommande måndag startar Todalen sokneråd med omfattande restaurering av deler av kyrkjemuren rundt Todalen kyrkje. I kveld var ein gjeng frivillige oppi Teljehaugen og pukka fram stein til bruk i arbeidet. Hoveddelen av restaureringa er det Tadeusz Przespolewski (også kalla Ted på Sandmo) som skal utføre, og han vil ha med seg to stabile handlangarar i Eivind Grønmyr og Gudmund K Kvendset.