Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Langt unna bunnlinja!

Elinor Bolme Torsdag 28. juli 2016

Kveldens tjuvstart på årets Stangvikfestival 2016 gjekk for fullsatt sal og vel så det på Gammelfabrikken. Og hvilken start dei starta med! Styreleiar i festivalen; Torbjørn Larsen ønska alle tilreisande velkomne og var naturleg nok mektig imponert over kor mange som hadde teke turen innover til Todalen for å oververe det anerkjente teaterstykkjet «Bunnlinja» av og med Marianne Meløy og Trygve Brøske.

Marianne Meløy og Trygve Brøske hadde dei alle ca 250 frammøtte i si hule hand i den nesten halvanna timen dei held koken frå scena. Her fekk vi ein rundtur rundt Meløya i Nordland. Kun ein fluelort på kartet, men som rommer det aller meste som i eit anna univers. Fleire kjente nok igjen mange av rollefigurane som like gjerne kunne utspela seg på kva for ein plass det skulle være. Så framt det var ei myr med molter i nærliken som Vasskjeftmyra vel og merke…

Gjennom forestillinga forsøker Meløy å få konkretisert bunnlinja i livet og universet. Kvar er ho? Er ho der ho burde, eller skulle ho kanskje ha vore litt lengre opp? Ho konkluderer enkelt og greit med at gjennom åra så har det umulige til slutt vorte muleg, noko ein kanskje kan bruke til det daglegdagse også.

thumb_IMG_1663_1024

Publikum satt tett i tett. For å få plass til flest muleg var utstilingane som til dagleg er hovedattraksjonane for besøkande til Talgø tilsidesett.

thumb_IMG_1665_1024

Men med eit fyrverkeri frå scena, så gjekk det nok bra for dei aller fleste å tilpasse seg komforten dette innebar.

thumb_IMG_1666_1024

Dei siste ståplassane vart på trappa.

thumb_IMG_1670_1024

Marianne Meløy hadde mange synspunkt å formidle. Både som seg sjølv, og som eigne familiemedlemmer i dialog med seg sjølv. Ho er eit oppkomme av både ord og kroppslege uttrykk. Etter responsen i salen å døme, var det fulltreff hos publikumet under denne forestillinga også!

thumb_IMG_1667_1024

Kun eit fåtal satt rett mot scena.

DSC_2988_

Men med eit fyrverkeri av ei Marianne Meløy fekk dei fleste med seg handlinga. Foto JonO

Fekk du ikkje høve til å sjå forestillinga her i Todalen kan eit besøk på Trøndelag Teater til hausten anbefalast. Ellers blir det i morgon kveld offisiell åpning av årets Stangvikfestival i Stangvik prestegard.

Publisert: 28. juli 2016, 22:53