Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Surnadal kommune er ingen versting i årlege kommunale avgifter

Elinor Bolme Måndag 25. juli 2016

Statistisk sentralbyrå (SSB) har laga ei oversikt over kor mykje den enkelte kommune i heile landet tek i kommunale avgifter for Huseiernes Landsforbund. Oversikta er basert på tall kommunane sjølv har levert inn til den kommunale databasen Kostra for 2016. Undersøkinga viser at spennet varierer mellom 6 000 og nesten 20 000 kroner. I vårt omland kjem Sunndal best ut med 10 389 i årlege avgifter. Surnadal har 12 644,- Halsa 15 078,- medan Rindal «toppar» med sine 17 914,-

Landsgjennomsnittet ligg på 12 780,- og både Surnadal og Sunndal er under dette.

.sunndalsurnadal

HalsaRindal

Undersøkelsen omfattar avgift for vatn, avløp, renovasjon og feiing og tek utgangspunkt i ein standard bolig på 120 kvadratmeter, inkludert moms. Prisane for vatn er basert på beregna vassforbruk etter kommunens satsar for stipulert forbruk eller eit vassforbruk på 150 kubikkmeter (der det er vanlegast å betale etter faktisk forbruk målt med vassmålar).

For å sjå på fleire kommunar og ytterlegare fakta kan vi anbefale VG sin artikkel: Så mye tar din kommune i avgifter.

Publisert: 25. juli 2016, 21:40