Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Langt unna urolegheitene

Elinor Bolme Laurdag 16. juli 2016

Det er store urolegheiter både i Frankrike og i Tyrkia for tida, og mange er uroa over familie og venner som oppheld seg i desse områda. Vi har i dag vore kontakt med Ingrid Pedersen som no snart har vore ei veke i Alanya i Tyrkia saman med ektemann Dan Roger. Dei bur ca 1 kilometer utanfor sentrum av Alanya, og dermed langt unna urolegheitene i Ankara og Istanbul, og har ikkje opplevd noko dramatikk og uro så langt kan dei berolige. Reiseselskapa deira er i kontinuerleg dialog med Utenriksdepartementet som kan melde om ok forhold i dette området.

På landsdekkjende media ser ein at turistane no blir fraråda å reise nedover til Tyrkia, og reiseselskapa opplever naturleg nok mange avbestillingar. Forsikringsselskapa er behjelpeleg med dekkjing av både avbestilling og tidlegare retur av heimreiser.

Ingrid og Dan Roger fortel dei reiser heim til Todalen som planlagt neste søndag om dei ikkje får anna beskjed av reiseselskap og UD, og beroligar dei som ottast: -Vi har det bra!

Publisert: 16. juli 2016, 15:06