Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 2741 artiklar i dette arkivet.


Ny platt i rekordfart

Elinor Bolme Onsdag 11. juli 2018

Dei to siste kveldane har det vore dugnad i Ungdomshuset. Her har ein gjeng nevenyttige karar laga til ein fin platting ved inngangspartiet på øversida.  Første kvelden laga Lars Kvendset fundamentet saman med Nils Ove Bruset og John Moe. Andre kvelden var det berre å ladde batteria og skruve toppdekket i MøreRoyal. 


Kladdekake på menyen

Elinor Bolme Laurdag 7. juli 2018

Kladdekake kalla dei kaka si dei to ungjentene som satt utanfor Matkroken og freista kundane på tur inn og ut i ettermiddag. Maria Kvendset Bergli og Ylva Synnøve Gjeldnes hadde teke seg tilrette på Sandstadkjøkkenet og trylla fram ei velsmakande sjokoladekake. Dei to er glade i å kokkelere, og kjem nok til å bli habile dugnadsbakarar om nokre år.


Kunstinteressert ungdom – sjå her!

Steinar Hasselø Laurdag 7. juli 2018

Jarl Goli kjem til Surnadal i midta av august og planlegg eit kinderegg av eit opphald. Og hans tredje ønske er spesielt med tanke på å få med seg ungdommane på noko spennande.

Jarl Goli er eit kinderegg i seg sjølv, da han er både bildande kunstnar, diktar og foredragshaldar. Det er mest den første utgåva vi vil møte i Surnadal i august.


Ræta Opp: Takk for pengegaven!

Elinor Bolme Laurdag 7. juli 2018

Norsk forening for cystisk fibrose, NFCF, var ein av dei to organisasjonene som fekk midlar frå årets Ræta Opp 30. juni. Totalt kom det inn 12.851 kr på Ræta Opp, og midlane vart fordelt på Aktiv for Epilepsi (8.851 kr)  og NFCF (4.000 kr).  Vi har motteke ei pressemelding frå redaktør Sharon Gibsztein i Norsk forening for cystisk fibrose, med takk og litt info om foreninga.


Storsvert oppmøte, og fisken beit

Elinor Bolme Laurdag 7. juli 2018

Fredag kveld inviterte Surnadal jeger og fiskeforening til sjøfiskekveld på Nordvik. Og med rundt 35 unge deltakarar må det seiast at det vart rekordoppslutning. Alle mann fekk være med ut for å prøve fiskelykka på fjorden, og nesten alle båtane kom inn att med fangst i bøttene.


Vamp til Surnadal

Steinar Hasselø Laurdag 7. juli 2018

Det er bare et par år siden Vamp var på kulturhuset, og stemninga var så overveldende god at gruppa ville tilbake til Surnadal kulturhus igjen denne høsten. Det er det vel grunn til å tro at publikum også vil, for gruppa responderte med en fyrrig og sprudlende konsert av de sjeldne.


Sjøfiskekveld på Nordvik

Elinor Bolme Torsdag 5. juli 2018

I morgen ønsker Surnadal Jeger og fiskeforening velkommen til Fiskesommer og sjøfiske på Nordvik mellom klokka 19 og 21.

Som tidligere år inviterer de alle barn med foreldre for å fiske etter det havet har å by på. Alle vil få god hjelp fra de i Surnadal Jeger og Fiskerforening, slik at flest mulig av barna får fisk.


Kunstutstilling

Elinor Bolme Torsdag 5. juli 2018

Laurdag inviterer Elisabeth Marie Aas til kunstutstilling på Todalshytta. Utstillinga blir hengjande ut juli, og det blir naturlig vis mulegheiter for å kjøpe av billedkunsten.  


Fokuser på det positive i rundt oss

Elinor Bolme Onsdag 4. juli 2018

Etter ein vellykka rundtur rundt Todalen for Aud Lindset Drågen ved Fylkesmannens kontor saman med lokale utsendingar frå Todalen og Surnadal vart det i invitert til informasjonsmøte i Todalen Ungdomshus i går kveld. Dette vart ei fin og ikkje minst informativ avslutning på ein innhaldsrik dag. Møtet var åpent for alle, og Todalen Grendalag var godt fornøgd med oppmøtet trass kort planlegging. -Dette vart verkeleg bra konkluderte Jostein Bruset. Vi fekk både inspirasjon og informasjon!


Rundtur med fokus på næringsutvikling, landbruk og reiseliv

Elinor Bolme Sundag 1. juli 2018

Som tidlegare nevnt jobbast det godt i den nye prosjektgruppa Bolyst i Todalen 2022. Ragnar Halle, Bjørn Gunnar Ansnes og Jostein Bruset var sist veke i Molde i møte med Øyvind Tveten fra fylkeskommunen si næringsavdeling og Aud Lindset Drågen fra fylkesmannen sin landbruksavdeling, og fekk med seg mykje nyttig informasjon til prosjektet.


Ta sykkelen fatt!

Elinor Bolme Fredag 29. juni 2018

Arrangørane til morgondagens Todalsdag oppmodar todalingane til å benytte sykkel som transportmiddel i morgon tidleg. – Vi har litt mindre parkeringskapasitet rundt Talgø i år, derfor oppfordrar vi todalingane til å finne fram sykkelen når dei skal på Bordholmen i morgon, seier Nils Ove Bruset i idrettslaget.


Siste kampoppsett klart

Elinor Bolme Torsdag 28. juni 2018

Da er også lagoppsettet for dei minste klassene klassene på Todalsdagen klare. Dei aller minste spelar 3’er fotball, medan dei litt eldre spelar 5’er. Oppdatert versjon fra fredag 29.6 kl 14.