Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Rundtur med fokus på næringsutvikling, landbruk og reiseliv

Elinor Bolme Sundag 1. juli 2018
Som tidlegare nevnt jobbast det godt i den nye prosjektgruppa Bolyst i Todalen 2022. Ragnar Halle, Bjørn Gunnar Ansnes og Jostein Bruset var sist veke i Molde i møte med Øyvind Tveten fra fylkeskommunen si næringsavdeling og Aud Lindset Drågen fra fylkesmannen sin landbruksavdeling, og fekk med seg mykje nyttig informasjon til prosjektet.
 

Rundtur i Todalen

Som eit direkte resultat av dette ønska Aud Lindset Drågen å komme til Todalen for å sjå og oppleve kva som foregår i bygda, fortel Jostein Bruset. -Vi inviterte ho, og allereie førstkomande tirsdag ankjem ho bygda for å ta ein rundtur i lag med oss. Ragnar er ansvarleg for gjennomføring av dette og har med seg både Ståle Ansnes i Todalen Bondelag og Oddvar Mikkelsen frå Møre og Romsdal bondelag. I tillegg kjem næringskonsulent Harald Bredesen og Elin Moen Lysø frå landbruksavdelinga i Surnadal kommune. Dei startar da i Svinvik arboret og Svinvik gard, før turen går vidare inn til Todalen. Fleire gardsbruk blir besøkt, i tillegg til  elementavdelinga ved Talgø, Gammelfabrikken og Todalshytta.
 

Åpent møte til kvelds

Lindset Drågen ville også ha ein bygdakveld for interessenter eller personer som driv med landbruksrelatert næring eller reiseliv eller har idear relatert til desse områda.  Dette møtet blir derfor same kveld i Todalen Ungdomshus kl 18.30, og er åpent for alle, avsluttar Jostein. 
 
Publisert: 1. juli 2018, 10:17