Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fokuser på det positive i rundt oss

Elinor Bolme Onsdag 4. juli 2018

Etter ein vellykka rundtur i Todalen for Aud Lindset Drågen ved Fylkesmannens kontor saman med lokale utsendingar frå Todalen og Surnadal vart det invitert til informasjonsmøte i Todalen ungdomshus i går kveld. Dette vart ei fin og ikkje minst informativ avslutning på ein innhaldsrik dag. Møtet var åpent for alle, og Todalen Grendalag var godt fornøgd med oppmøtet trass kort planlegging. -Dette vart verkeleg bra konkluderte Jostein Bruset. Vi fekk både inspirasjon og informasjon!

Næringskonsulent Harald Bredesen starta med  å orientert litt om rikets tilstand i Surnadal og landet ellers. Folketalstrenden sett dei siste fem åra er i ein liten vekst hos oss, medan den på fylkesnivå er i nedgang.  Dette gjenspeilar seg også i sysselsettinga. Per i dag er det likevel over 160 gardsbruk i kommunen, der fleire driv turisme og servering som alternativ attåtnæring. 

Lokalmat og næringsbasert reiseliv

Og det var denne attåtnæringa Aud Lindset Drågen orienterte om. Etter 30 år som ansatt hos Fylkesmannen er det nok ikkje så mykje som ho ikkje har greie på, innan næringsutvikling. -Og etter så mange år er eg enno definitivt ikkje riktig utlært, fortalte ho. Berre det å ha vore i Svinvik arboret og Todalen for aller første gongen i dag gav meg mykje lærdom!

Drågen kom med utruleg mykje tips og idear for dei som ønsker å drive med lokalmat og næringsbasert reiseliv.

Fylkesmannens rolle i samfunnet

Drågen gjekk igjennom Fylkesmannens rolle som næringsutviklar på dei ulike fagfelta. Dessverre har utviklingsmidlane vorte kraftig redusert dei seinare åra, noko som blant anna har resultert i at bygdemobiliseringsmidlar ikkje har vore utbetalt det siste året. Derfor er det viktig at bygdene dreg lasset i lag og heiar på kvarandre. Ho oppfordra derfor næringslivsaktorane i Todalen til å danne gode produksjonsmiljø. -Gode nettverk der ein bur der ein kan hjelpe og heie på kvarandre er veldig viktig for å lykkast. 

-Det er ikkje den økonomiske støtta eller kor god ideen er, som avgjer om det blir ein suksess. Det viktigaste er att gründeren er til stades i prosjektet.

Bruk kvarandre

Viktigheita av å framsnakke kvarandre og ikkje minst bruke kvarandre må vi forbetre oss på, meinte ho. Skal Svinvika gard servere pinnekjøt på menyen, ja da må lammet kjøpast lokalt frå Hjellnes. Dette gir ringvirknngar, og fleire og fleire får opp augene for den lokalt produserte maten vi har i eigen kommune og kanskje litt lengre utover grensene. 

Lokal, kortreist mat er i vinden som aldri før, og det er det som turistane etterspør, aller helst ureist. Den unike naturen vi har er ikkje lenger nok til å få folk til å komme til akkurat oss, fortalte Aud Lindset Drågen.-  No er det ekte og unike opplevelsar som er ettertrakta. Men Viastulefsa er uansett aldri feil.

-Og bruk Harald Bredesen på næringsavdelinga, som også er Hoppid-kontakten i kommunen, oppfordra Drågen. Ho tykte forøvrig det var veldig bra av arrangørane at både han og Elin Moen Lysø var med saman på turen i Todalen, slik at dei får samkjøyrt sine tenester til brukarane sine. 

Jostein Bruset kunne fortelje at Todalen grendalag kjem til å invitere til eit oppfølgjingsmøte etter sommaren der ein kan spinne vidare på all informasjonen som vart delt ut på møtet. Her er det mykje vi kan nyttegjere oss framover, meinte han og fleire av dei frammøtte.

 

 

 

Først publisert: 4. juli 2018, 05:00 - Sist oppdatert: 3. juli 2018, 23:14