Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kunstinteressert ungdom – sjå her!

Steinar Hasselø Laurdag 7. juli 2018

Jarl Goli kjem til Surnadal i midta av august og planlegg eit kinderegg av eit opphald. Og hans tredje ønske er spesielt med tanke på å få med seg ungdommane på noko spennande.

Jarl Goli er eit kinderegg i seg sjølv, da han er både bildande kunstnar, diktar og foredragshaldar. Det er mest den første utgåva vi vil møte i Surnadal i august. Goli skal til Surnadalsøra for å måle midt i august. Og han vil stille ut eigne verk i kulturhuset 24.–26. august.

Men han vil også gjerne bidra med eit tredje gjeremål mens han er i bygda:

– Eg kunne tenkt meg å få med nokre ungdommar på eit enkelt, upretensiøst kunstprosjekt som kunne gå inn som ein del av denne utstillinga.

Men aller først treng han noko å måle på:

– Har nokon eit segl eller liknande liggande som dei kunne tenkt seg å gi bort, er det berre å ta kontakt.

Jarl Goli kunne tenkt å få med seg fire-fem ungdommar til dette prosjektet, Og da er han ikkje berre ute etter potensielle målarar:

– Eg skal ikkje gå inn for å styre så mykje, men eg kunne godt tenkt meg å lage noko rundt musikken til Pink Floyd, og da helst «The Wall». Om vi hadde brukt dette som utgangspunkt, kunne vi også fått med ungdommar som heller vil ta seg av lyd, lys og design, enn å bidra på lerretet. 

Jarl ser for seg at han og ungdommane kunne ha møtt kvarandre ein time eller to kvar ettermiddag frå rundt 19–20. august og fram til utstillinga opnar.

– Ungdommane skal få friheit til å utfalde seg og det vil forhåpentleg resultere i at vi skapar noko spennande saman!

Send ei melding til jarlvitalsmart@gmail.com om du vil vera med på dette, eller har eit gammalt segl å avsjå

Publisert: 7. juli 2018, 16:00