Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 2741 artiklar i dette arkivet.


Frokost rett etter biltoget

Frokost rett etter biltoget

Elinor Bolme Onsdag 16. mai 2012

Fotballgruppa melder om en korreksjon i forhold til publisert plakat angående frokosten 17. mai. Den vil bli rett etter biltoget som starter fra L Hals 9.30., og ikkje kl 11 som de har oppgitt tidlegare. Enten på Bordholmen, eller i Ungdomshuset. Dette får vi vel en pekepinn på i morgentimene i morgen.

Les heile saka

Kortreist turmål

Kortreist turmål

Elinor Bolme Måndag 14. mai 2012

Frå Ingri Bruset har vi fått ein epost med turtips i nærområdet, nemleg til Bleikhammarholet oppe i Kvendsetlia. Mange av oss har sikkert høyrt om dette holet, men fåtalet har nok vore der, eller funne det. Men no kan det kanskej vere håp for fleire til å finna det.

Les heile saka

17. mai i år og

17. mai i år og

Elinor Bolme Sundag 13. mai 2012

Også i år blir det arrangert tradisjonell 17. mai i Todalen. Biltog blir det som vanleg frå L Hals/Matkroken før det blir felles frokost for heile bygda etterpå. Blir veret utverande blir den arrangert ute på Bordholmen, men blir det ruskever tek fotballgruppa og flyttar arrangementet inn til Ungdomshuset.

Les heile saka

Kjærkommen inntekt

Kjærkommen inntekt

Elinor Bolme Sundag 13. mai 2012

Torsdag kveld var ein gjeng 4H’arar ute og selde loddar til inntekt for 4H. Dei brukar ved desse kveldane å dele seg inn i to «lag», der det eine laget sel loodd, medan det andre laget er på skulen og lagar pizza til dei andre kjem att etter endt salgsrunde. Styret i Start 4H hadde […]

Les heile saka

For tiden 78 grader Nord

For tiden 78 grader Nord

Elinor Bolme Sundag 13. mai 2012

Da har Gjermund jobbet hardti kulissene nok en gang for å få et nytt blogginnlegg klart for oss. De aller fleste har det litt travelt, derfor ble det litt lang tid i mellom denne gangen, men håper på et kjappere innlegg til neste gang. Uansett, nå beveger vi oss til vakre Svalbard og «besøker» Sigrid Elise Talgø, opprinnelig frå Øyagrenda.

Les heile saka

A-lagskamp i kveld

A-lagskamp i kveld

Elinor Bolme Fredag 4. mai 2012

I kveld møter Søya/Todalen sitt A-lag Halsa/Valsøyfjord til lokaloppgjør på Bordholmen stadion Det er nokre år sidan sist det har vore spela A-lagsfotball her no, så dette er ein kamp det kan væra verd å få med seg.

Les heile saka

HAMOS beklager

HAMOS beklager

Elinor Bolme Torsdag 3. mai 2012

Karin Helen Halle har vidaresendt oss ein epost frå Torstein Grønningen i HAMOS til Surnadal kommune angåande litt kluss i tømminga denne veka. Som dei fleste fekk med seg kom ikkje søppelbilen som annonsert i aktivitetskalenderen i går. Dette fordi det er nokre innklemte rauddagar som lagar litt krøll.

Grønningen skriv: Her kommer litt informasjon om feil i tilsendte tømmekalendere for Surnadal. Dette gjelder dersom noen ringer og har spørsmål. Vi beklager feilen som har oppstått.

Les heile saka

Foballane rullar for fullt!

Foballane rullar for fullt!

Elinor Bolme Torsdag 3. mai 2012

Også i aldersbestemte klassar har fotballsesongen med seriespel starta. I går kveld hadde både G12 og J12 kamp på Søyabanen. J12 Søya/Todalen møtet Kvass/Ulvungen på gras, medan G12 Søya/ møtte Straumsnes på kunstgras. Jentene vann heile 8-1, medan gutane også berga sigeren med 13-5 slik ca. Samtidig hadde G10 og J10 trening på grasbanen. Med andre ord full rulle for dei fleste som driv med fotball no utover. For å halda styr på alle desse laga, treningane og kampane, har Søya IL sin banekalender vorte eit kjærkomment verktøy for å handtere dette. Her finn ein oversikt over alt som foregår på Todalen og Søya sine samarbeidslag frå knøtt til seniorfotball, fordelt på dei ulike stadionane. Den finn du naturleg vis også her på todalen.no oppe til høgre.

Les heile saka

Uavgjort i lokaloppgjøret

Uavgjort i lokaloppgjøret

Elinor Bolme Torsdag 3. mai 2012

Onsdag kveld var det lokaloppgjør av beste sort på Bordholme. Då møttest Todalen/Kvass/Ulvungen/Søya og Surnadal i seiekamp for G19 klassen. Det var ein forholdsvis jamnspela kamp, der begge laga dominerte i kvar sine periodar. Stillinga etter første omgang vart 1-1, med målscorarar Andreas Dalsegg Sæther på 0-1 og Fredrikk Aasprong på 1-1. Dette held seg til dommaren bles av etter neste 45 minutt. Begge lag hadde sjansar til å avgjerde til sin fordel, der blandt anna keeper for heimelaget hadde ei fantastisk redning mot slutten.

Les heile saka

Eksosrype for ein dag!

Eksosrype for ein dag!

Elinor Bolme Tysdag 1. mai 2012

1. mai og saulamming blir ofte omtala som «Vårens vakraste eventyr». Underteikna har ikkje delteke på saulamming i år, men fekk i dag være med mannen på motorsykkeltur. Og 1. mai er som kjent ein merkedag for motorsykkelentusiastar i heile landet. I vårt område går den tradisjonelle turen rundt Trollheimen. For oss betydde det samling på Skei på føremiddagen for dei med tilhald fra Surnadal og Halsa, for så å bevege seg nordover om Storås, Berkåk, Oppdal og ned att om Sunndalen for å ta ferga over fra Rykkjem til Kvanne.

Les heile saka

Ei lita påskjønning

Ei lita påskjønning

Elinor Bolme Måndag 30. april 2012

Brannmannskapet i Todalen brannkorps fekk etter spylinga ved Talgø og Matkroken torsdagkveld ei lita påskjønning av befalshavande Gunnar Bøe i Surnadal brannvesen. Han hadde fått i oppdrag frå brannmester Tor Arne Moen om å ta med blautkake til brannmennene etter at mannskapet for ei tid tilbake viste imponerande innsats i ei utrykning med hjartestartaren som dei har ansvaret for. Befalshavande […]

Les heile saka

Klart til konfirmasjon

Klart til konfirmasjon

Elinor Bolme Torsdag 26. april 2012

I går ettermiddag var det Todalen Sanitetsforening sin tur til å arrangere dugnad. Saniteten er som kkjent eigarmann av eige hus på Kvendset. Der er det no i helga utleidd til konfirmasjon, og då krevst det at området er flidd og i retteleg stand. Difor vart det denne kvelden raka, klippt plen og kjøyrt bort […]

Les heile saka