Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Ei lita påskjønning

Ei lita påskjønning

Elinor Bolme Måndag 30. april 2012

Brannmannskapet i Todalen brannkorps fekk etter spylinga ved Talgø og Matkroken torsdagkveld ei lita påskjønning av befalshavande Gunnar Bøe i Surnadal brannvesen. Han hadde fått i oppdrag frå brannmester Tor Arne Moen om å ta med blautkake til brannmennene etter at mannskapet for ei tid tilbake viste imponerande innsats i ei utrykning med hjartestartaren som dei har ansvaret for.

Befalshavande Bøe roste innsatsen deira og påpeika kor viktig det er at Todalen er i en så heldig situasjon å ha ein eigen hjartestartar. Ambulansen treng fort 20 minutt frå alarmen går til dei er her inne, og det kan av og til vere veldig lenge , fortel Bøe. Brannkorpset i Todalen kom denne kvelden først til staden og fekk starta nødvendig førstehjelp inntil ambulansane og ambulansehelikopter kom og tok over.

Det var Todalen Sanitetsforening som vinteren 2010 engasjerte bygda til å vere med å samle inn pengar til ein hjartestartar som skulle komme bygda til gode. Etterpå fekk Todalen brannvesen denne innuder sitt arbeidsområde. Dei blir difor no utkalla når det meldast inn om slike behov til AMK sentralen i Molde. Og det tykkjer Gunnar Bøe er veldig betryggande etter dei fekk elddåpen for ei tid sidan. Her kan du lesa om kven som deltok i hjertestartar aksjonen.

Først publisert: 30. april 2012, 07:56 - Sist oppdatert: 5. januar 2013, 16:45