Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Kortreist turmål

Kortreist turmål

Elinor Bolme Måndag 14. mai 2012

Frå Ingri Bruset har vi fått ein epost med turtips i nærområdet, nemleg til Bleikhammarholet oppe i Kvendsetlia. Mange av oss har sikkert høyrt om dette holet, men fåtalet har nok vore der, eller funne det. Men no kan det kanskje vere håp for fleire til å finna det.

Ho skriv: Sender over nokre bilete frå ein liten «ekspedisjon» til Bleikhammarholet på søndag.

Det er no fleire år sidan sist vi var der. Da ungane var små gjekk nok turane dit oftare.
Det var alltid ekstra spenning med å ta på seg hovudlykt og utforska holet. To i turfølget tok ikkje sjangsen denne gongen  på å ta seg gjennom den siste smale passasjen for å kome inn i det største rommet, men den slankare «ungdommen» smatt lett inn.
 
Bleikhammarholet ligg om lagt midt i bilete, nokre meter innanfor der skogsvegen svingar utover igjen litt ned for dei tre tollene som ein kan sjå opp for det snauhogge feltet midt i bilete. Det er store steinar og nokså ulendt terreng frå svingen av skogsvegen og dei ca. 50 –  70 metrane fram til holeåpninga. Åpninga er ikkje så enkel å finna. Ein bør ha med seg ein vaksen på denne turen.
 
Ingri sender og med mange bilder frå turen, teke av ho sjølv og Kristian Gjeldnes.
Først publisert: 14. mai 2012, 06:00 - Sist oppdatert: 13. mai 2012, 20:49