Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Klart til konfirmasjon

Klart til konfirmasjon

Elinor Bolme Torsdag 26. april 2012

I går ettermiddag var det Todalen Sanitetsforening sin tur til å arrangere dugnad. Saniteten er som kkjent eigarmann av eige hus på Kvendset. Der er det no i helga utleidd til konfirmasjon, og då krevst det at området er flidd og i retteleg stand. Difor vart det denne kvelden raka, klippt plen og kjøyrt bort kvistar og greiner etter vinteren. Samstundes vart også alle dei vel 120 søppelsekkane henta av Estlandsforeninga sine representantar frå Rindal; ekteparet Jensvoll. I år vart det innsamlingsrekord, for dei fekk ikkje med seg alle sekkjene oppover til Rindalen.

Det har vore jamt med dugnader i bygda dei siste vekene, men det var godt oppmøte i Sanitetshuset denne kvelden for det.

Under er nokre bilder frå dugnaden.

Publisert: 26. april 2012, 20:31