Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 2741 artiklar i dette arkivet.


Ti-kaffe på Oppvekstsenteret

Elinor Bolme Måndag 26. mai 2014

Todalen Oppvekstsenter med skule og barnehage inviterer i morgon besteforeldre og vener til 10-kaffe frå kl 11-12.30. Her blir det song og servering av kaffe og mat til dei frammøtte. Elevane på skulen vil også vise fram klasseromma sine og noko av det dei arbeider med.


På attgrodde stiar

Elinor Bolme Måndag 26. mai 2014

Todalen Historielag inviterte i går til kulturvandring frå Ungdomshuset, ned attmed der Øyadammen ein gong var, det gamle meieriet og saga/løa i Øya, forbi der kiosken hass Eide sto (brann i 1933), gjennom Jonhagen, forbi Håkkøyann og nedover til Skjoramelen.


Vårsøghelga- Surnadal sin kulturfestival

Elinor Bolme Måndag 26. mai 2014

Sidan 1995 har Vårsøghelga vore arrangert i Surnadal, og i alle desse åra med kunstnerisk leiar Henning Sommerro i spissen. I omgrepet Vårsøg blir det lagt eit driv etter å sanse og skape, og elles mykje av det positive som kan assosierast med våren som årstid. Som våren kvart år gjev nytt liv frå gamle vekster, ønskjer Laget Vårsøg at Vårsøghelga skal vere både nyskapande og tradisjonsberande.


Tap 0-3 for seniorene

For todalen.no; Knut Bergli Fredag 23. mai 2014

A-laget til Søya/Todalen tok i mot Øksendal på Bordholmen i kveld. det skulle vise seg å bli en tøff kamp i duskregnet. S/T prøvde å spille fotball, men ble ovverumplet av Øksendal som var knallharde i alle dueller og spilte høyt over midtbanen mot spissene sine. Halvveis i omgangen scoret bortelaget. I andre omgang styrte […]


Bokpresentasjon i Arboretet

Elinor Bolme Fredag 23. mai 2014

Søndag 25. mai kl. 12.00 er det bokpresentasjon i Svinviks arboret. Da kjem forfattaren Kirsten Winge kjem til Svinviks arboret og presenterer den prisvinnande bestselgaren sin om alle slags bær fra natur og hage.


Spennande og fartsfyllt kamp

Elinor Bolme Onsdag 21. mai 2014

Også det lokale G14 laget Kvass/Ulvungen/Søya/Todalen har spela seriekamp denne veka. Dei møtte i går kveld serieleiar Hjelset/Kleive på Ålvundfjord Stadion. Hjelset/Kleive vann 5-3 mot eit kjempande KUST-lag. Motstandarane var kjappe og gode, men det var likevel ein spennande kamp for dei på sidelinja kan vår utegåande reporter Heid Snekvik fortelje.


5 minutt for lang omgang…

Elinor Bolme Tysdag 20. mai 2014

G12 laga Søya/Todalen og Surnadal møttes i eit fartsfylt lokaloppgjer på Bordholmen tirsdag kveld. Ein spenande og jamnspelt kamp der det sto 2-2 til pause. 5 minutt før slutt sto det 4-4, men så tok surnadalsgutane fram det lille ekstra og fekk inn heile 4 mål dei siste 5 minutta.


Kongebesøket krev litt reguleringar

Elinor Bolme Tysdag 20. mai 2014

Eit besøk frå det Kongelege Slott krev sine førebringar. I den anledning ønsker Surnadal kommune så klart å oppfordre alle som har anledning til å komme til folkefesten på Skei neste torsdag, om å gjere det. Dette innebærer naturlegvis litt administrering, som til dømes avstenging av vegen rundt Kulturhuset, minska parkeringmulegheiter og frakting av skuleelevar og dei eldste barnehageborna i heile kommunen.


Fotballen rullar for fullt

Elinor Bolme Måndag 19. mai 2014

Barne og ungdomsfotballen rullar for fullt. I dag blir det spela to kampar, ein på Bordholmen og ein på Bankslettå. På Bordholmen møter G12 Søya/Todalen eit av laga fra Surnadal kl 18. På Bankslettå er det J14 Kvass/Ulvungen/Søya /Todalen som også skal i kamp mot eit Surnadalslag, dei med kampstart kl 19.


Dametrimmen fortsett ute

Elinor Bolme Måndag 19. mai 2014

Dametrimmen har no avslutta innetreninga for sesongen, men har sletts ikkje slutta med trimmen for det!
Torsdag 22.mai blir det tur til Storhaugen, med avgang fra Todalshytta 18.30.


Lagseriestemne med ny vri

Elinor Bolme Torsdag 15. mai 2014

Ski- og friidrettsgruppa startar opp med lagseriestevner på Bordholmen igjen førstkommande søndag kl 17. Dei tenkjer i år nytt med at dei flyttar arrangementet til søndag ettermiddag, pluss at dei satser også på litt ny aktivitet i tillegg til dei tradisjonelle friidrettsøvelsane. Blant anna vil dei ta i bruk buldrerommet, trøbilene, sykkel og terrenget rundt Bordholmen.


Klare for folkefest!

Elinor Bolme Torsdag 15. mai 2014

Kommunen har etter føringar frå Fylkesmannen og Slottet no alle detajar klare til det store kongebesøket torsdag 22. mai. På ein stor time på Skei, har kommunen sett saman eit breitt og variert program som i følge arrangørkomiteen heilt klart vil slå an blant dei kongelege. Henning Sommerro er programansvarleg for arrangementet, og har mange aktørar med seg på festforestillinga som vil foregå utanfor Surnadal Kulturhus mellom 14.54 og 15.45.