Søndag 25. mai kl. 12.00 er det bokpresentasjon i Svinviks arboret. Da kjem forfattaren Kirsten Winge kjem til Svinviks arboret og presenterer den prisvinnande bestselgaren sin om alle slags bær fra natur og hage.
Boka gir kunnskap og inspirasjon til å kunne bruke alle våre bærslag på beste måte. Her får du gode tips til safting, sylting og andre konserveringsmetodar.
Du får heile 247 oppskrifter på korleis du lagar velsmakande rettar og drikkar av bær i denne boka.
Winge tek for seg både dei mest kjente sortane, men også dei mindre vanlege, som hegg, krekling og rypebær.
Forfattar Kirsten Winge er utdanna biolog, ho er ein ivrig sankar av naturens råvarer og ein erfaren villmarkskokk. Ho har gitt ut ti bøker, mellom anna om tilbereding av viltkjøt og om spiselege bær og planter.
Gratis inngang til arrangementet, og høve til å kjøpe boka for den som ønskjer.
Her kan du bla litt i boka:
http://capellamedia.ipapercms.dk/fagbokforlaget/vigmostadbjorke/br/
Her kan du lese meir om Kirsten Winge:
www.kirstenwinge.no
Har kan du lese meir om Svinviks arboret:
www.nordmore.museum.no