Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vårsøghelga- Surnadal sin kulturfestival

Elinor Bolme Måndag 26. mai 2014

Sidan 1995 har Vårsøghelga vore arrangert i Surnadal, og i alle desse åra med kunstnerisk leiar Henning Sommerro i spissen. I omgrepet Vårsøg blir det lagt eit driv etter å sanse og skape, og elles mykje av det positive som kan assosierast med våren som årstid. Som våren kvart år gjev nytt liv frå gamle vekster, ønskjer Laget Vårsøg at Vårsøghelga skal vere både nyskapande og tradisjonsberande. Hans Hyldbakk skrev diktet Vårsøg i 1945, og Henning Sommerro la melodi til det i 1971, som til og med Dronning Sonja refererte til i sin tale til surnadalingane sist veke.

Vårsøghelga ønsker å gi publikum unike kunst- og kulturopplevingar med innhald og form som elles kan vera sjeldan kost på Nordvestlandet. Vårsøghelga skal i følge deira eiga nettside

  • ta vare på og utvikle lokale musikk- og kulturtradisjonar, stimulere til nyskaping og brei aktivitet
  • tilføre «nye» opplevingar (ikkje ferdigkjøpte) og gi nye impulsar i møte med kunst og kulturarrangement
  • styrke den lokale identiteten knytt til kultur og språk (dialekt, nynorsk, morsmål)
  • vektlegge samarbeid mellom lokale og tilreisande utøvarar, amatørar og profesjonelle.
  • gi born og unge som eldre gode kulturopplevingar

Og i følge årets program er ambisjonane om å famne breitt ein realitet. Både unge og eldre, lokale og internasjonale er med i programmet som byrjar torsdag 4. juni og held på til måndag 8. juni. Heile pinsehelga med bortimot 30 ulika kulturelle postar.

Oversikt

 

Anbefaler ein titt inn på den nye nettsida til Vårsøghelga for å lese meir om dei ulike arrangementa; www.varsoghelga.com

Arrangørarane har også som dei fleste festivalar eige Vårsøgpass, der til ein pris av 990,- kjem inn på samtlege arrangement (- eitt). Bilettar kan kjøpast ved Surnadal kulturhus eller på www.billettluka.no

Først publisert: 26. mai 2014, 06:00 - Sist oppdatert: 25. mai 2014, 20:51