Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

På attgrodde stiar

Elinor Bolme Måndag 26. mai 2014

Todalen Historielag inviterte i går til kulturvandring frå Ungdomshuset, ned attmed der Øyadammen ein gong var, det gamle meieriet og saga/løa i Øya, forbi der kiosken hass Eide sto (brann i 1933), gjennom Jonhagen, forbi Håkkøyann og nedover til Skjoramelen.

Ei provisorisk bru  leia oss over Lauvåa, og nedpå Bønnavollan, Slåttøya, Husbytrøinn og Gunnøya. Oppatt den gamle stien gjennom Sandvoll (Kvennsetøyann), forbi der Kjerra låg og opp gjennom tunet i Midtbø (Stua). Her vart det innlagt ein stopp ved kyrkja før returen gjennom Jonhagan og tilbake til Ungdomshuset att. Der venta velsmakande Bacalao på dei 69 deltakarane som tok del i den historiske vandringa.

Mange opplysningar og historier om plassane som no er nedlagt og fråflytta, vart fortalt og delt med kulturvandrarane.  Todalen Historielag kjem tilbake med ein litt meir fyldig reportasje med historier o.a.  i sitt neste årsskrift; «Årsskrift for 2014».

Under er eit rikhaldigt galleri frå vandringa. Tekst og foto Ragnhild A Moe.

Publisert: 26. mai 2014, 18:34