Skileik og skimerkerenn på Tjønnmyrå
Søndag 21. februar var det riktig fine forhold oppå Tjønnmyrå, og idrettslaget nytta det gode skiføret til å arrangere både «Barn i løypa» og skimerkerenn.
Vi fann 1042 artiklar i dette arkivet.
Søndag 21. februar var det riktig fine forhold oppå Tjønnmyrå, og idrettslaget nytta det gode skiføret til å arrangere både «Barn i løypa» og skimerkerenn.
Ildri Sjøland Øyen har vore klokkar i Todalen kyrkje i heile tolv år. Ho har vore ein trufast, dyktig og fargerik klokkar som kyrkjelyden i Todalen har sett stor pris på! Ildri seier at ho synest klokkarjobben har vore både givande, interessant og kjekk, men i dag var det altså siste ordinære arbeidsdagen. Det blir […]
Tysdag serverte Todalen bondelag lunsj til små og store ved Todalen oppvekstsenter, – noko som dei har gjort i mange år. Bondelagslunsjen er slik blitt ein god og triveleg tradisjon. Vanlegvis skjer dette 6. februar. Da kjem sola att til oppvekstsenteret etter tre månader bak fjella, og så er det også samefolkets nasjonaldag – altså mange grunnar til å ha ein festdag. […]
Hundreåringen Todalen sanitetsforening avvikla årsmøtet sitt i Sanitetshuset 2. februar. Årsmelding og rekneskap syner at laget har stor aktivitet. I årsmeldinga kan vi mellom anna lese om desse tiltaka: Pussa opp ein av bustadene i Sanitetshuset Delteke på den landsomfattande «Raud knapp»-aksjonen – stopp vald mot kvinner Fadder for ei sanitetsforeining i Etiopia Aksjon RUSS […]
Siste søndagen i januar vart ein fin vinterdag med riktig så flotte forhold i lysløypa på Tjønnmyra. Det var nyoppkjørte, fine dårer og godt skiføre. Ski- og friidrettsgruppa arrangerte barn i løypa, og mange tok turen for å kosa seg med ski og akebrett. Arrangøren noterte deltakarar og serverte saft. Og deltakarane var blide og fornøgde. […]
For nøyaktig 100 år sidan, altså 21. januar 1916, vart Todalen Sanitetsforening stifta, og det er ein vital og aktiv hundreåring vi gratulerer med dagen! På stiftingsmøtet deltok tolv engasjerte kvinner, og Thora Talgø vart vald til foreningas første leiar. Laget vart tilslutta Norske Kvinners Sanitetsforening som var skipa i 1896. Målet for arbeidet dei […]
I samband med Friluftslivets år 2015 gjekk kommunane Rindal, Surnadal og Halsa saman om å arrangere søndagsturar. Prosjeketet fekk tittelen «52/17Søndagsturen» – altså 17 søndagsturar i kvar kommune i løpet av året. Målet var å ta tilbake tradisjonen med søndagstur, få folk i alle aldrar ut på tur, ikkje minst barnefamiliar. Som ei «gulrot» for […]
Torsdag var det aktivitetsdag for elevane ved Todalen oppvekstsenter på Bordholmen. Gradstokken viste minus ti grader, men heldigvis var det vindstille. Det vart nok kaldt for både tær og fingrar, men det såg ikkje ut til å legge nokon dempar på aktiviteten. Klubbhuset var ope slik at deg gjekk an å gå inn for å […]
Onsdag kveld var det rundtvask på Hett og svett. Det var trimgruppa som stod for rundtvasken, – alle apparata og mattene vart vaska, likeså tak, vegger og golv. Vindua vart fint pussa. Dette var arbeid som trongst, men i løpet av kvelden vart det altså gullande reint!
Torsdag kveld inviterte små og store ved Todalen oppvekstsenter i lag med FAU til adventskveld. Det var program frå scena, juletregong, nissar og kaffelag. Dei mange frammøtte fekk ein underhaldande og triveleg kveld! Kvelden opna med allsong av «Det lyser i stille grender» – triveleg å synge julesongar i lag! Deretter las elevar frå tredje […]
Ingvild Kårvatn melder at i kveld, onsdag 9. desember, er det ledige plassar på topptaukurs i klatreveggen i Surnadal trenings- og velværesenter. Dette er eit enkelt innføringskurs i korleis ein sikrar barn og vaksne under klatring. Det er ingen krav om forkunnskapar eller erfaring i klatring. Instuktør er Lars Inge Harang, og kurset startar klokka […]
I fjor bles dei nytt liv i tradisjonen med julegrantenning i Brusetmarka etter fleire års pause. I år kunne ein laurdag føremiddag tru at den planlagde julegrantenninga skulle regne og blåse bort, men det stilna heldigvis til kvelds, juletreet stod støtt og vart tent! Det er vel berre å slå fast at «godt folk har […]