Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Russetreff med ønske om ei festleg og trygg russetid

Dordi Jorunn Halle Onsdag 27. april 2016

No har russen i Surnadal alt klart for russefeiringa som startar med «dåp» utanfor Kulturhuset laurdag. Da får ordførar Lilly Gunn Nyheim æra av å vere «prest». Surnadal Sparebank er hovedsponsor for russen, og onsdag etter skuletid inviterte dei russen til treff i banken. Målet med arrangementet var å gi informasjon til russen slik at russetida kan bli livåt, men og trygg! «Vi har ingen russ å miste! Vi vil at de skal vere like mange og like heile og i like god form 17. mai som i dag,» sa Tor Hansen frå politiet.

IMG_8169

Banken spanderte pizza. Foto: Dordi J.H.

«Vi veit at mange kjem til å drikke alkohol i russetida, men «kluet» er å ikkje drikke for mykje,» poengterte Bjørn Arne Østbø frå ambulansetenesta. Ungdommane vart åtvara mot GBH, oppfordra til å bruke fornuft i trafikken og vise god folkeskikk sjølv om dei får på seg russedress. Frå politiet kom det klar beskjed: «Vi vil ikkje sjå ein einaste russ på taket av russebil i fart!»

IMG_8183

Bjørn Arne Østbø frå ambulansetenesta demonstrer stabilt sideleie. Foto: Dordi J.H.

Ja betyr ja

SMISO – Senter mot incest og valdtekt – og NKS Møre og Romsdal starta i fjor ei haldningskampanje for å hindre valdtekt i russtida. I 2014 var heile 48 % av meldte valdtekter festrealterte. Det er viktig at grenser blir respekterte og at ja betyr ja. Russen fekk utdelt boxershortsar med påskrifta «Eg tek ansvar.»  NKS Møre og Romsdal starta opp denne kampanjen i lag med SMISO i fjor, og i år når dei ut til alle vidaregåande skular i fylket, og kampanjen har spreidd til skular i andre fylke. Mange russ får altså i år eit møte med sanitetskvinner som deler ut goodiebagar med nyttig og assortert innhald, alt frå våtserviettar, antibac, kondomar til refleks, deodorantar og naglelakk. I Surnadal er goodiebagane eit spleiselag mellom NKS Møre og Romsdal, lokalt næringsliv og  sanitetsforeiningane frå Rindal, Todalen, Torvik og Øvre Surnadal.

Frå helsesøster vart det orientert om forholdsreglar i samband med smittsam hjernehinnebetennelse og klamydia.

IMG_8198

Oda, Ragnhild, Ingrid og Maj med goodiebagane sine. Foto: Dordi J.H.

Banken orientert om tilboda dei har til ungdom når det gjeld sparing og forsikring. «Sparing er ein god ide!» Både Maret Heggset frå banken og ordføraren ønska russen til lykke med russetida, eksamen og framtida. Dei kom med ønske om å halde kontakten med årets russ framover åra og håpa at mange kunne sjå for seg ei framtid i nærområdet.

Alle aktørane på russetreffet kom med gode råd til russen slik at russetida skal bli triveleg, trygg og artig for alle i russekullet. Da er det viktig at russen tek vare på kvarandre og tek ansvar for kvarandre.

IMG_8152

Sanitetskvinnene heldt dugnad for å pakke goodiebagane. Frå venstre: Siri Vullum, Anne Grete Løfald, Marit Løfald og Margit Fugelsøy. Foto: Dordi J.H.

Russen var lite lystne til å avsløre årets russeknutar, men det kom da fram at ein knute er å gi ordføraren eit kyss på kinnet, – så ordføraren vil vel få litt ekstra oppmerksamheit framover!

 

 

 

 

 

 

 

Først publisert: 27. april 2016, 23:51 - Sist oppdatert: 28. april 2016, 07:49