Like før ny Stikk UT! – sesong
Søndag første mai går startskottet for Stikk UT! 2016. Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal melder om stor pågang og interesse for årets Stikk UT!
Vi fann 1042 artiklar i dette arkivet.
Søndag første mai går startskottet for Stikk UT! 2016. Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal melder om stor pågang og interesse for årets Stikk UT!
I fint og godt vårver starta Stavganggruppa sesongen i Svinvika torsdag 28.april. Heile 35 ivrige stavgangarar var møtt fram. «Godt folk har godt ver!» vart det sagt.
No har russen i Surnadal alt klart for russefeiringa som startar med «dåp» utanfor Kulturhuset laurdag. Da får ordførar Lilly Gunn Nyheim æra av å vere «prest». Surnadal Sparebank er hovedsponsor for russen, og onsdag etter skuletid inviterte dei russen til treff i banken.
Sist helg heldt NKS Møre og Romsdal årsmøte i Molde. Litt over 60 engasjerte sanitetskvinner frå vel 20 lokallag møtte til det 73. årsmøtet i fylkesforeininga – eit inspirerande og godt årsmøte i følge leiar i Todalen sanitetsforening Maren Ansnes.
Til tross for surt og kaldt ver vart det ein flott start på fotballsesongen på Bordholmen. Årets første kamp var eit lokaloppgjer mellom Surnadal 1 og KUST 2 i klassen jenter 12.
No er det snart tid for ny Stikk UT!-sesong i regi av Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal. Dette opplegget har vorte ein stor suksess dei siste åra, i 2015 vart det registrert heile 180 000 turar fordelt på 10 000 ulike turgåarar!
Siste kvelden i mars heldt Todalen historielag årsmøte i Ungdomshuset med god deltaking, heile 32 medlemer var møtt fram.
Sol, landvind og mange varmegrader om natta dei siste påskedagane fekk fart på snøsmeltinga, no er det nesten bart nede i bygda. Ein ser stor forskjell frå dag til dag.
I dag var det råd å gjere rettelege godkjøp i Sanitetshuset. Todalen sanitetsforening prøvde ein ny vri for å få inn nokre kroner til lagskassa og arrangerte «mini-loppis».
Hundreårsjubilanten Todalen sanitetsforening har fire æresmedlemer, nemleg Anne Moe, Olina Halle, Marit Kalseth og Lisbet Halle. Dette er fire flotte representantar for norske sanitetskvinner.
Tema for fasteaksjonen i år er «I kriser er vatn viktig!» Konfirmantane er ryggrada i Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon. Innsatsen dei gjer er med på å redde liv. Saman med medlemmer frå soknerådet startar dei innsamlingsaksjonen tysdag kl.17.00.
Onsdag andre mars inviterte Todalen historielag til filmkveld i Ungdomshuset. Filmen som stod på programmet, var svært så lokal. Hovedpersonen i filmen er Gudmund Halle frå Kårvatn, intervjuar er Olav Kvendset og filmskapar er Svein Åge Saksen. Filmen vart teken opp i 1994 da Gudmund var 81 år, og tema for filmen var kraftverk og kraftutbygging. Gudmund […]