Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nydeleg trimtur i godveret

Dordi Jorunn Halle Torsdag 26. mai 2016

Onsdag 25. juni var det klart for årets første trimtur i regi av trimgruppa i Todalen idrettslag. Godveret og sola kom da vi starta opp frå vedahuset på Haugligardane. Ola Bruset var turleiar og kjentmann.

IMG_5503

Turfølget ved bordet oppå Kleivråhjellen. Frå venstre Gudmund K. Kvendset, Ola Bruset, Jon Bruset, Sigrun Ørsal, Ingrid Nordvik, Synnøve Gjeldnes, Britt Mossing. På benken Marit Sanden Søyset, Torkjel Ansnes Moe og Nils Gjeldnes. Foto: Dordi J H

Vi gjekk skogsvegen til vi kom oppå Kleivråhjellen, derifrå gjekk vi den gamle setervegen til Bruset, det er også merka som turistline over til Innerdalen. Det er lett og fint og gå oppover Botnan, men brattare opp Bruna. Det var ikkje nokon enkel seterveg!

IMG_5504

Bratt oppover Bruna. Foto: Dordi J H

IMG_5506

Pause – vi står oppå Kvilarsteinen i setervegen. Sulå i bakgrunnen. Foto: Dordi J H

IMG_5511

Mykje vatn i Rauå. Foto: Dordi J H

Oppå Tårnet heldt vi rast, riktig så fint i kveldssola og med fin utsikt ut over bygda. Tårnet er ein av trimpostane til Todalen idrettslag med trimbok – turen kan anbefalast!

I staden for å gå same vegen ned att vart heimturen lagt om Svartvatnet. Først vandra vi innover mot Åsane og deretter vart det retteleg bratt  ned mot vatnet. Vi kom ned på enden av Svartvatnet der det er ei godt bevart demning. Demninga er frå 1928. Da vart Svartvatnet oppdemt som magasin for Todalen elektrisitetsverk/Rauåa, stasjonen utvida og kraftmengda fordobla.

IMG_5551

Oppå demninga ved enden av Svartvatnet. Frå venstre: Jon, Gudmund, Sigrun, Ingrid, Marit, Synnøve og Britt. Fremst kjentmann Ola. Foto: Dordi J H

Frå Svartvatnet er det fin stiga ned  Svartholet til skogsvegen inne i Botnan. Det vart ein riktig fin og interessant tur,  – triveleg å vere på tur i lag, og ikkje minst kjekt å ha med kjentmann og vandre på stigar der ein sjeldan går.

IMG_8418

Svartvatnet – fint i sola! Foto: Dordi J H

Neste onsdag, 1. juni, er det ny tur. Da er målet Bleikhammarholet. Kjentmann blir Gudmund K. Kvendset, og han seier at viss ein vil gå inn i sjølve hola, er det lurt å ta med ei god lommelykt.

IMG_5568

Her går vi ned Svartholet – det og retteleg fint i kveldssola. Foto: Dordi J H

 

 

Publisert: 26. mai 2016, 00:26