Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Spennande trimtur

Dordi Jorunn Halle Torsdag 2. juni 2016
IMG_8470

Heile flokken samla før start. Foto: Dordi J H

Onsdag kveld inviterte trimgruppa til ny fellestur. Denne gongen var målet Bleikhammarholet, og det var tydelegvis eit populært turmål, heile 35 personar var med på turen! Ikkje minst var det artig at både unge og eldre var med –  yngstemann rundt fem år og eldstemann nærmar seg 90  år. Gudmund K. Kvendset var hyra inn som guide, han hadde mykje interessant å fortelje, var stødig «fjellførar» og er heilt klart lommekjent i området.

IMG_5610

Gudmund K. Kvendset orienterer om turen før start. Frå venstre: Gudmund, Fredrik, Sivert, John Moe, Ottar Halle, Sigrun Ørsal, Kjetil Sogge, Dordi Vatn Hals og Jean Kvendset. Foto Dordi J H

Turen starta frå Sanitetshuset og vi gjekk innover Myrjaren – her har alle dei fire Kvennsetgardane teke torv. Torva vart lagra i møkkakjellarane, slik vart det svært god gjødsel til åker og eng. Dette var eit verdifullt jordforbedringstiltak da mykje av dyrkajorda på Kvennset i utgangspunktet var mager sandjord.

IMG_5635

Bratt og kronglut siste stykket opp til Bleikhammarhola. Foto: Dordi J H

Første del av turen gjekk etter fin skogsveg frå 1970-talet. Men for å kome opp til hola måtte ei ur passerast, litt kronglete, men vel verdt strevet for det var spennande å kome inn hola. Tru kva som har skjedd her opp gjennom åra? Ei tid gjekk vel havet så høgt, Nils Husby – fødd i Oddøya i 1884 – fann i si tid skjel oppe i hola. Kanskje har nokon hatt tilhald her i kortare eller lengre periodar? Men det var kaldt og litt rått inne i hola, ikkje så triveleg plass. Men spor etter moderne menneske såg vi i alle fall inne i Bleikhammarhola.

IMG_8498

Gutar som syntest det var spennande med «holetur». Frå venstre: Tor Asbjørn, Nils Erik og Ingebrigt. Foto: Dordi J H

IMG_5650

Mot utgangen – kan gå oppreist i ytste delen av hola. Foto: Dordi J H

Ei segn fortel at ein hund skal ha forvilla seg inn i Bleikhammarhola og kome utatt i Kvennsetdalen – da måtte det altså vere eit langt samanhengande gangsystem.

Etter at alle hadde kika seg rundt inne og utanfor hola, tok somme turen ned om Løfta og andre rusla heim. Resten følgde Gudmund opp på Bleikhammaren – det var ulendt, og turfølgjet gjekk etter ein hjortstiga. Oppe på hammaren er det flott utsikt både over nedre del av bygda, mot fjella og ut fjorden.

IMG_5637

Sigrun og Trym på tur inn i hola – her måtte ein vente på tur! Foto: Dordi J H

Det vart ein riktig så interessant og triveleg turkveld, og neste onsdag går turen til Haukarsteinen.

IMG_5655

Oppe på Bleikhammaren. Frå venstre: Gudmund K. Kvendset, Steffi Bohle, Marit Sanden Søyset, Jorunn Nordvik, Sigrun Ørsal og Leif Ingar Finborud. Dordi Ingeborg Finborud sit. Foto: Dordi J H

Publisert: 2. juni 2016, 00:36