Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Trønderar på Todalstur

Dordi Jorunn Halle Laurdag 28. mai 2016

Malvik hagelag nytta godveret laurdag til tur til Todalen. Første stopp var naturleg nok arboretet. Der nytta dei god tid til vandring i den interessante og fine hagen, men det var litt for tidleg til full blomstring.

Da fleire av turdeltakarane hadde kjennskap Leif Halse, gjekk turen vidare til skulen. Her vart det fotografering framfor skulpturen av Vangsgutane og dei fekk sjå seg om i Halsesamlinga. Nestleiaren i historielaget orienterte om Leif Halse, – ho fortalde om oppveksten hans  i Todalen, om forfattaren, spelemannen og kulturformidlaren.

IMG_8462

Tor Olav Larsen, Mary Moen og Rigmor Solem hadde hatt Leif Halse som lærar i Hommelvik. Foto: Dordi J H

Eit par av turdeltakarane hadde hatt Leif Halse som lærar ved skulen i Hommelvik, og dei mintest med glede tida si som elev av Halse. Han var ein real lærar. Tor Olav Larsen fortalde at heile klassen hans var på tur til Todalen i 1958. Da overnatta jentene og lærarane på Todalshytta, medan gutane var innlosjerte i heimar rundt om i bygda. Han fortalde og at den planlagde turen over Bjøråskaret til Innerdalen måtte avlysast da det var for mykje snø i fjellet. Tor Olav Larsen hadde med seg gåve til Halsesamlinga, eit bilete av Leif Halse som han sjølv hadde teke på skuleskitur på Vennafjellet i Selbu.

IMG_8463

Leif Halse på skitur, fotograf er tidlegare elev Tor Olav Larsen.

Publisert: 28. mai 2016, 20:32