Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 1042 artiklar i dette arkivet.


Vellukka sommaravslutning ved Todalen oppvekstsenter

Dordi Jorunn Halle Onsdag 15. juni 2016

Tysdag kveld var det duka for felles sommaravslutning for barnehagen og skulen i Todalen. Gymsalen var fullsett da leiar i FAU, Bjørn Gunnar Ansnes, ønskte velkomen. Både familie og vener av ungane ved oppvekstsenteret møtte fulltalig opp!


Triveleg Drivatur

Dordi Jorunn Halle Onsdag 8. juni 2016

Onsdag kveld inviterte Driva og Surnadal kommune til Stikk UT!-tur med Storhaugen som mål. Kraftige regnbyger onsdag ettermiddag skremde nok bort ein del trimmarar, men veret vart bra for dei 25 som vart med på trimturen.


Svinvikrunden mest populær

Dordi Jorunn Halle Tysdag 7. juni 2016

Stikk UT!-opplegget inspirerer til trimturar både i nærområdet og litt lenger unna. I Surnadal kommune er det tolv Stikk UT!-postar, og av dei er Svinvikrunden mest besøkt.


Stikk UT! med Driva til Storhaugen

Dordi Jorunn Halle Måndag 6. juni 2016

Avisa Driva i lag med Surnadal kommune arrangerer Stikk UT!-tur til Storhaugen onsdag 8. juni kl. 18.00. Det er oppmøte og parkering ved Todalshytta. Ola Bruset blir med som lokal kjentmann.


Familietur til Storhaugen/Fosstrøinn

Dordi Jorunn Halle Torsdag 2. juni 2016

Søndag 5.juni arrangerer trimgruppa og ski- og friidrettsgruppa familietur. Det er oppmøte og parkering på Bruset og turen startar kl. 15.00.


Spennande trimtur

Dordi Jorunn Halle Torsdag 2. juni 2016

Onsdag kveld inviterte trimgruppa til ny fellestur. Denne gongen var målet Bleikhammarholet, og det var tydelegvis eit populært turmål, heile 35 personar var med på turen!


Kveldstur til Bleikhammarholet

Dordi Jorunn Halle Tysdag 31. mai 2016

Onsdag 1. juni blir det kveldstur oppi Bleikhammarholet i regi av trimgruppa i TIL. Det er oppmøte ved Sanitetshuset, og turen startar kl. 18.30. «Dette er ein familievennleg tur,» seier leiar i trimgruppa, Jorunn Nordvik. Gudmund K. Kvendset blir med som kjentmann. Viss ein vil gå inn i hola, må ein ta med seg lykt. […]


Trønderar på Todalstur

Dordi Jorunn Halle Laurdag 28. mai 2016

Malvik hagelag nytta godveret laurdag til tur til Todalen. Første stopp var naturleg nok arboretet. Der nytta dei god tid til vandring i den interessante og fine hagen, men det var litt for tidleg til full blomstring.


Aktuell Drivadebatt

Dordi Jorunn Halle Fredag 27. mai 2016

For femte året på rad inviterte DRIVA og laget Vårsøg til debatt. Temaet i år var kroppshysteri og følgjene av dette. Svorkasalen var fullsett da redaktør Tjelle ønska velkomen til debatt, han var gledeleg overraska over at så mange hadde møtt fram i finveret. Tydelegvis er temaet aktuelt, og arrangørane hadde skaffa eit breitt samansett, […]


Nydeleg trimtur i godveret

Dordi Jorunn Halle Torsdag 26. mai 2016

Onsdag 25. juni var det klart for årets første trimtur i regi av trimgruppa i Todalen idrettslag. Godveret og sola kom da vi starta opp frå vedahuset på Haugligardane. Ola Bruset var turleiar og kjentmann.


Førstehjelpskurs

Dordi Jorunn Halle Laurdag 7. mai 2016

Tysdag 10. mai klokka 18.00 blir det kurs i førsthjelp på Bordholmen. Det er omsorgsberedskapsgruppa i Todalen sanitetsforening som er arrangør.


«Folkevandring» i Svinvikrunden

Dordi Jorunn Halle Måndag 2. mai 2016

Søndag første mai kom ny kode på plass i turkassen i Svinvikrunden. Det og det riktig så fine veret inspirerte nok mange til å ta ut på tur. Heile 133 namn vart noterte i boka! Det utan at det var noko som helst organisert opplegg. Rett og slett knallstart på ny StikkUT-sesong!