Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Siger til KUST G12

Dordi Jorunn Halle Tysdag 30. august 2016

Tysdag kveld var det duka for lokaloppgjer mellom KUST G 12 og Surnadal G 12 – 2 på Bordholmen. Det vart ein velspela og  jamn kamp med stor innsats og mange gode målsjansar frå båe laga. Men KUST fekk betre utteljing på målsjansane sine enn Surnadalslaget denne kvelden. Kampen enda med siger til heimelaget, resultatet vart 6 – 2.

IMG_9148

Surnadal G12 – 2. Fremst frå venstre: Vidar Humberset, Noah Holten, Ørjan Møkkelgjerd. Bak frå venstre: Ørjan Sæther Gravvold, Hallvard Gausen, Jonas Avset, Andreas Roaldset, Arin Ormset, Jon Magne Våbenø, Erik Mikkel Settemsdal.

Terje Ranes er trenar for Surnadal G12 – 2, og Leif Magne Andersen er trenar for Kvass/Ulvungen/Søya/Todalen, altså KUST. Dommar for kampen var Jens Olav Moe.

IMG_9155

Dommar Jens Olav Moe konfererer med Leif Magne Andersen. Foto: Dordi J H

Etter opphaldsver i første omgang vart det retteleg høljeregn i andre omgang utan det la nokon dempar på innsats og speleglede.

I kiosken stilte Einar Talgø og Knut Bergli. Dei reklamerte for fine, nye skjerf for Todalen idrettslag og selde bakels og graut som smaka fortreffeleg.

IMG_9164

Einar Talgø og Knut Bergli. Foto: Dordi J H

Det er både sosialt og triveleg å vere på fotballkamp på Bordholmen.

IMG_7063

Ivrige tilskodarar kosa seg med kaffe og bakels og sat i ly for regnet. Frå venstre Hans Gundersen, Karl Johan Husby og Gudmund I. Kvendset. Foto: Dordi J H

 

Først publisert: 30. august 2016, 22:06 - Sist oppdatert: 31. august 2016, 00:54