Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 1024 artiklar i dette arkivet.


Triveleg sesongstart

Dordi Jorunn Halle Måndag 21. august 2017

Etter ei helg med skodde og regn, letta veret måndag og det vart godt turver. Dagens Kløvertur gjekk frå redskapshuset nedanfor Talgøgarden og innover lia på nordsida av Toåa.


Skulestart med fem førsteklassingar

Dordi Jorunn Halle Måndag 21. august 2017

Måndag 21. august er ein merkedag i livet for dei fem førsteklassingane ved Todalen skule, barnehagetida er over og skulen er arenaen for nye oppgåver, læring og leik i åra framover.



Halvgått Stikk UT!-sesong

Dordi Jorunn Halle Måndag 31. juli 2017

Sommarsesongen for Stikk UT! varer frå 1. mai til og med 31. oktober så no er sesongen halvgått, og det er mange som er ute på tur! Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal har 17 medlemskommunar med i alt 194 turmål. Dei første tre månadene er det registrert 174 529 turar fordelt på 12 763 turgåarar på Stikk UT!-sidene.


Kristiansvarden på Skarfjellet

Dordi Jorunn Halle Fredag 21. juli 2017

Kristiansvarden er eit kjent landmerke på turen frå Todalen til Surnadal. På tur frå Hauahyllå innover mot Skei ser ein Kristiansvarden trone mot himmelen ovanfor Kvennbøgardane.


Kløvertur til Svinvika og Gammelvegen

Dordi Jorunn Halle Onsdag 21. juni 2017

Siste Kløverturen før ferien starta med kaffelag i Svinviks arboret, vi var 13 til bords. Vi fekk servert nydeleg kake og heimelaga vaniljeis. Etterpå gjekk vi tur oppover Gammelvegen til Stikk UT!-boka oppå Kammen.


Godt salg av fine klubbjakker

Dordi Jorunn Halle Tysdag 20. juni 2017

Tysdag kveld var det tid for å hente seg ny klubbjakke, ein riktig fin og lett treningsjakke. Kasserar i Todalen idrettslag, Michal Heimlund, vart godt fornøgd med salget, nesten 100 jakker!


Siste Kløvertur før ferien

Dordi Jorunn Halle Tysdag 20. juni 2017

I morgon, onsdag 21. juni, blir det siste Kløverturen i vårsesongen. Avsluttingsturen blir i Svinvika og med kaffepause i Arboretet.


Innhaldsrik tur til Storlidalen og Oppdal

Dordi Jorunn Halle Måndag 19. juni 2017

Og alle var einige om at det hadde vore ein riktig fin tur, ein triveleg og innhaldsrik dag; – slik kan ein trygt oppsummere historielagsturen til Storlidalen og Oppdal laurdag 17. juni.


Historielaget minner om

Dordi Jorunn Halle Fredag 16. juni 2017

Todalen historielag minner om at i morgon, laurdag 17. juni, er det tid for tur til Storlidalen og Oppdal. Turen går som planlagt; bussen kjører frå Talgø møbel kl. 07.20, stopp ved Stangvik skule kl. 07.40 og ferje frå Kvanne kl. 08.00.


Straumstans i kveld

Dordi Jorunn Halle Onsdag 14. juni 2017

Svorka melder at det blir straumstans i kveld, onsdag 14. juni, frå kl. 22:00 til i morgon tidleg kl. 06:00. Dette gjeld strekninga frå Rossåa til Kårvatn. Grunnen er vedlikehald av straumnettet – skifting av trafo og pålar. Ved eventuelle spørsmål, kan ein ringe 924 20 050.


Storveges svær dugnad

Dordi Jorunn Halle Tysdag 13. juni 2017

Tysdag kveld inviterte John Moe til vaskardugnad i Todalen Ungdomshus. Ungdomshuset trong no ein skikkeleg rundvask, og husformannen var spent om han fekk noko hjelp.