Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Feira 1 år i nytt fjøs

Dordi Jorunn Halle Onsdag 11. oktober 2017

For nøyaktig eit år sidan tok Olav Halle og familien i bruk nytt fjøs i Austistua på Hala i Todalen. Så i dag, 11. oktober 2017, var det både synfaring i fjøset, evaluering og bursdagsfeiring.

Med på befaring i fjøset var frå venstre: Nils Ove Bruset, Ole Jon Gjøås, Henrik Blekken, Knut Atle Hermo, Olav Halle, Anne Polden. Foto: Dordi J H

Consto Surnadal hadde totalentreprise på fjøsbygginga og samla i dag underleverandørar, byggeleiar og byggherre til eittårsbefaring. Dette blir gjort for å kunne rette opp eventuelle feil og manglar i tide og likeså hauste erfaring til nye fjøsprosjekt. Synfaringa starta utvendig der alt frå nedløpsrør, portar, dører, ventilar mm. vart kontrollerte. Eit moderne fjøs har mange inngangar som skal brukast etter kva oppgåve ein har i fjøset.

Lyst og triveleg fjøs og rolege dyr. Foto: Dordi J H

Deretter var det tur for å kontrollere fjøset innvendig, først var det synfaring av tekniske rom, tankrom og kontor. For å ta seg inn avdelinga med dyr må ein gjennom ei smittesluse, og smittevernarbeid er viktig spesielt i fjøs med lausdrift der dyra går fritt og har tett kontakt med kvarandre.

Dei som var med på synfaringa i dag var:

Henrik Blekken frå Consto – han var arbeidsformann for fjøsbygginga.

Knut Atle Hermo frå Tine rådgivning – han var byggeleiar under heile prosessen.

Ole Jon Gjøås frå Felleskjøpet som har levert innreiing og teknisk utstyr mjølkerobot og kubørste.

Nils Ove Bruset frå Møretre/Talgø som leverte «byggesettet».

Anne Polden frå Surnadal sparebank.

Olav Halle – gardbrukar og byggherre.

Knut Atle Hermo kunne fortelje at prosjektet hadde gått etter plana, både når det gjaldt framdrift, kostnader og ferdigstilling. Under planleggingsfasen og byggeperioden var det byggemøte kvar månad – det var viktig for å få godt samarbeid og god gjennomføring. Henrik Blekken frå Consto var godt fornøgd med at dei heile tida hadde brukt lokale underleverandørar. Anne Polden rosa gjennomføringa av prosjektet.

Kyrne går fritt omkring – her er det drikkestasjon. Foto: Dordi J H

Her ser vi «kårkallen» – nemleg ein skraperobot for å ta møkka. Bak ser vi ei ku som synest det er stas med kubørste! Det er godt å bli kleia. Foto: Dordi J H

Konklusjonen etter befaringa var at det var lite som trongst å rettast på – berre litt småplukk. Olav og familien  har stort sett berre riktig gode erfaringar med fjøset, men Olav hadde ønska at underlaget i sjukebingane /kalvingsbingane hadde vore flatt.

Befaringa vart avslutta med god servering og triveleg bordsete. Her ser vi Olav og Trygve Halle, Jan Nordvik, Henrik Blekken og Anne Polden. Foto: Dordi J H

Fjøset er lyst og triveleg, og dyra er rolege og fredelege og ser ut til å trivast godt. Heile sommaren, frå mai og fram til oktober, kan dei gå ut og inn av fjøset som dei sjølve vil på dagtid, det ser kyrne ut til å sette pris på.

Synfaringa vart avslutta med kaffelag der det sjølvsagt var blautkake for å markere 1-årsdagen!

Fleire bilete:

Frå venstre: Knut Atle Hermo, Ole Jon Gjøås, Nils Ove Bruset og Eivind Grønmyr. Foto: Dordi J H

Mjølkeroboten er ei god budeie eller kanskje ein solid arbeidskar. Foto: Dordi J H

Kua synest visst det er heilt naturleg å bli mjølka av ein robot! Foto: Dordi J H

 

To blide karar som ikkje var med i fjøset i dag, men som er der mykje elles. Avløysar Emil med Edvard på fanget.

 

Først publisert: 11. oktober 2017, 23:00 - Sist oppdatert: 12. oktober 2017, 14:21