Årsmøte i Heimbygdlaget
Det blir årsmøte i Surnadal Heimbygdlag måndag 19. februar kl. 19.00. Møtestad er Kallastuå på Vårsøg Hotell.
Vi fann 1024 artiklar i dette arkivet.
Det blir årsmøte i Surnadal Heimbygdlag måndag 19. februar kl. 19.00. Møtestad er Kallastuå på Vårsøg Hotell.
Måndag 12. februar startar Kløvertursesongen! Turruta denne dagen går frå Halsbua og utover Stranda. Som vanleg er det oppmøte ved butikken, og turstart er kl. 11.00.
Tysdag 6. februar var 19 medlemmer samla til årsmøte i Todalen sanitetsforening. Etter god, gammel tradisjon starta møtet med kvikk allsong; denne kvelden var det tid for nasjonalsong da det var samenes nasjonaldag.
Søndag vart prest Kristin Strand ønskt varmt velkomen av kyrkjelyden i Todalen. «Det er trygt og godt at vi no har fått fast prest i soknet vårt,» sa leiaren i soknerådet Britt Mossing da ho ønskte Kristin Strand velkomen.
Førstkomande søndag, 21. januar kl. 15:00, arrangerer Todalen historielag ettermiddagskaffe i Ungdomshuset. Denne dagen blir det program med Nils Røv som både kåserer, viser bilete og spelar munnspel!
«Dette er ein stor dag for oss!» – slik opna Siv Oddrun Snekvik presentasjonen av den nye bygdeboka for Surnadal. Dette er band 2 og omfattar området frå Brøskja ytst i Stangvik og til og med Kvanne.
Todalen sanitetsforening tjuvstarta adventstida med å invitere bygdefolket til førjulstreff siste dagen i november. Heile 40 personar møtte opp til sosialt samvær og julemiddag i Sanitetshuset.
Torsdag kveld arrangerte Surnadal Heimbygdlag Kultursjå i Surnadal kulturhus; det vart ein svært så variert og innhaldsrik kulturkveld med godt oppmøte.
Sjølv om ikkje veret var det beste, var det stor oppslutning om årets siste Kløvertur måndag 6. november. Med Sanitetshuset som startpunkt, vart det fleire forskjellige turar
Måndag 6. november er det avslutning for Kløverturane i 2017. Da blir det både Kløverrusletur og Kløvertur. Etter turane blir det kaffelag i Sanitetshuset.
Måndag 30. oktober går Kløverturen frå Heggøyå, over Romåbrua og innover etter Røyskattvegen. Turen går etter grei skogsveg, og det er ikkje bratt. Her kan ein gå i eige tempo og så langt som det passar den enkelte. Oppmøte ved Halsbua kl. 11.00, derifrå blir det samkjøring innover til Heggøyan. Alle er velkomne til å […]
Kløverturen måndag 23. oktober blir etter fin skogsveg i liene ovafor Nordvik. Oppmøte ved Halsbua kl. 11:00, samkjøring derifrå utover til Nordvik, der vi kjører eit stykke oppover skogsvegen som startar ute i «Rabban». Skogsvegen går i retning Åsbøsnyta, men det er ikkje målet for turen, vi skal ikkje gå så langt. Eit stykke oppe i lia er […]