Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stavgang i Stangvika

Dordi Jorunn Halle Torsdag 26. april 2018

Sesongens første stavgangtur gjekk frå Brøske til Brøskehagan. 31 stavgangarar var med på turen i godt ver, stilt og fint ute i Stangvika i dag sjølv om sola ikkje kika fram.

Fint turområde. Foto: Sigrun Ørsal

Etter mange gode trimøkter i Trudvang i vinter er det no kjekt å starte utesesongen. Det er godt å kome ut i lyset og frisk luft for å gå tur.

Kjekt å gå tur i lag! Foto: Sigrun Ørsal

Etter ein triveleg tur langs vegen frå Brøske til Hagan vart det biltur innatt til Svissholmen der det vart rast og triveleg prat. Her er det fint tilrettelagt for å ta pause og nyte kaffe og matpakke.

Fint å raste på Svissholmen. Foto: Sigrun Ørsal.

Foto: Sigrun Ørsal

 

 

Publisert: 26. april 2018, 20:39