Vel møtt til nytt bibliotekår!
Bibliotekar Karen Johanne Talgø melder at første kveld med ope bibliotek i 2019 er måndag 7. januar. Opningstida er som vanleg, altså frå kl. 18.00 til 20.00.
Vi fann 1024 artiklar i dette arkivet.
Bibliotekar Karen Johanne Talgø melder at første kveld med ope bibliotek i 2019 er måndag 7. januar. Opningstida er som vanleg, altså frå kl. 18.00 til 20.00.
Det er riktig så triveleg å treffe så mykje folk når ein går Storrundt!», – det var omkvedet under «Romjulsmarsjen» i Todalen 4. juledag. Og det var kjøle mykje folk som var ute og gjekk, nesten 150 personar! Folk var glade for å treffe naboar, kjenningar, utflytta todalingar og andre som var på besøk og tok ein runde bygda rundt! Det vart mange stopp for å helse og slå av ein prat, altså vart det meir sosialt samver enn fart og trim! Men det er riktig så mange andre dagar i løpet av året ein kan springe, jogge eller finspasere Storrundt utan å treffe eit menneske.
Alle er velkomne til juleavslutning på Todalen oppvekstsenter i kveld, tysdag 18. desember kl. 17.30! Julespelet «Albert og julemånen» blir framført frå scena. Det blir kaffe og kaker, gong rundt juletreet og kanskje kjem nissen ned frå Lauvåfjellet. Arrangør er Todalen oppvekstsenter og FAU VEL MØTT!
Måndag kveld var det lansering av nok ei ny bygdebok i Surnadal kommune, band 3 som omfattar området Søyset – Hyllbakkan. Siv Oddrun Snekvik og Norunn Holten, som er tilsette i bygdebokprosjektet i kommunen, kunne fortelje at dei både var spente og stolte da dei skulle presentere den nye boka. Og dei har i alle fall god grunn til å vere stolte – dette er ei flott og interessant bok! Ikkje minst er det svært mange interessante bilete – bilete av utruleg god kvalitet.
«Kjøle med folk for ei lita bok, men velkomne er de alle saman», slik opna Lars Steinar Ansnes boksleppet på Stangvik skule onsdag kveld. Her presenterte han i lag med Erling Myrbostad og Torbjørn Polden den nye boka «Under Skarfjellet». Desse tre karane har arbeidd i lag om bokprosjekt i snart ti år. Den første boka om Kvenndalen kom i 2010, den neste om Søyådalen i 2015 og no ei lokalhistorisk bok om nærområdet, altså «nedom ovagjerdsutgarden» på Lykkjeeidet og i Lykkjebygda. Dette er ei bok med breitt emneval, men kvardagsleg.
Ved Kårvatn Fjellustyr er det denne veka «VINTERKICKOFF» – gode tilbod på alle varer i butikken. Og ved middagstider i dag kom det to karar luftvegen på julehandel. Dei to ålvundeidingane landa med småfly på ekra rett framfor butikkdøra!
Todalen sanitetsforening melder at dei har fine adventskalendrar til sals. Det vil sal av kalendrane på Halsbua fredag 23. november frå kl. 11.00 til 17.00.
Sanitetsforeninga inviterte til strikkekaffe laurdag ettermiddag. Sjølv om det er mange arrangement i bygda denne helga, var det 15 personar som kom til Sanitetshuset med handarbeid. Dei hygga seg med kaffe, gode kaker, prat og utlodding.
Laurdag 17. november inviterer Todalen sanitetsforening til strikkekaffe. Det er ope hus frå kl. 13.00 til 16.00. Alle er velkomne!
Siste Kløverturen i 2018 gjekk etter Toåa tursti. Det vil seia at kløverturgjengen starta frå Halsbua og gjekk nedom fabrikken, forbi Bordholmen og vidare til Halsabrua før vi tok inn på stien langs elva. Det vart pause i Gunnøya – sjølvsagt skreiv alle namn i turboka. Vidare gjekk turen oppover langs elva, forbi Båthølen og Tømmermelhølen og over ekra til vegen. Dette blir ei riktig kjekk turrute når Toåa tursti blir ferdig.
Måndag 12. november er det bibliotekkveld i Todalen skule. Det blir da markering av Nordisk litteraturveke. Temaet for litteraturveka er «Heltar i Norden». Arrangementet er i tidsrommet 17.30 – 19.00 i biblioteket.
Laurdag 10.november var det klart for hogstdugnad i Toåa tursti. Ni karar med motorsag gjekk laus på lauvskogen langs elva. Det vart raskt felt mange tre, men det er mykje å ta av! Skogen, mest older, hegg og selje, står tett langs heile elvekanten.