Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 1024 artiklar i dette arkivet.


Mimretid: Kløverturar vinteren 2017

Dordi Jorunn Halle Måndag 30. mars 2020

Sanitetsforeininga starta opp med Kløvertur i februar 2017, og sidan har dette vore fast aktivitet for mange trimmarar måndag føremiddag. Det er ei kvardagsglede å gå tur i lag, få frisk luft og mosjon. Etter 5 turar vinteren 2020 vart det altså stopp på grunn av koronaviruset som herjar over heile verda.  


Konfirmasjonsgudstenestene er utsette til over sommaren

Dordi Jorunn Halle Laurdag 21. mars 2020

Det er bestemt at alle kyrkjelege konfirmasjonar i kommunen blir utsette til over sommaren. Etter råd frå biskopen er det ikkje sett nye datoar for når det blir konfirmasjonsgudstenester i dei ulike sokna.


Arbeidet med årsskrift nr 19 er i full gang!

Dordi Jorunn Halle Fredag 20. mars 2020

Skriftstyret i Todalen historielag melder at arbeidet med årsskrift nr 19 er godt i gang. Fleire artiklar er i boks, og andre er under arbeid.





Jubileumsfesten for Todalen misjonsforening er avlyst

Dordi Jorunn Halle Fredag 13. mars 2020

Melding frå Todalen misjonsforening:

Jubileumsfest avlyst

Med bakgrunn i corona-situasjonen og etter råd frå øvste hald ser vi oss nøydde til å avlyse 175-års-jubileumsfesten for Todalen misjonsforening laurdag 14. mars.


Medlemsmøte i Surnadal pensjonistlag er avlyste inntil vidare

Dordi Jorunn Halle Onsdag 11. mars 2020

Styret i Surnadal pensjonistlag har gjort følgande vedtak: Surnadal pensjonistlag utset alle planlagde medlemsmøte inntil vidare etter råd frå kommunen. Når epidemien er over, kjem vi med ny utlysing.


Fotpleie i mars

Dordi Jorunn Halle Tysdag 10. mars 2020

No er det tid for ein ny runde med fotpleie i Todalen sanitetshus. Fotterapeut Pan Promchart Hoset kjem måndag 23.mars og tysdag 24. mars.  Det er mange ledige timar båe desse to dagane. 


Fin tur langs fjorden

Dordi Jorunn Halle Tysdag 10. mars 2020

Dagens Kløvertur starta frå Todalsøra og gjekk utover langs fjorden til Ansneset. Dette er eit fint og idyllisk område, og her er det fredeleg å gå tur; lite trafikk.


Målprisen frå Nordmøre mållag til Unni Boksasp og Gro Kjelleberg Solli

Dordi Jorunn Halle Måndag 9. mars 2020

Målprisen er tildelt to personar med same bakgrunn. Gro Kjelleberg Solli og Unni Boksasp får prisen for musikken sin og for innsatsen med CD-en til boka «Enno så segla ho Magnill». Dei song inn songane og var med på produksjonen. Begge har i mange år vore dei fremste formidlarane av den nordmørske folkemusikktradisjonen


Opnar på tysdag!

Dordi Jorunn Halle Sundag 8. mars 2020

Tysdag 10. mars kl. 11 skjer det: Endeleg kan vi invitere til opning av frivilligsentralen!