Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Endeleg vart det Kløvertur i godver!

Dordi Jorunn Halle Måndag 25. mai 2020

Etter ein grå start på dagen siste måndagen i mai klårna det opp, og det vart ein fin turdag langs Toåa. 

Samling av «troppene» i Gunnøya. Her ser vi Nils, Jorunn H, Eli Marie, Helen, Marit, Helga, Jorunn Gislaug, Brynhild og Ester Karin. På benken: Dordi F, Dordi V H, Åse Johanne, Synnøve og Jean. Foto: Dordi J

Turen gjekk frå Hals bort til Halsabrua, så forbi Gunnøya og opp til Båthølen. Her var det byggeaktiviet, arbeidskarar  som var i full gang for å få i stand fiskeplassen. Etter kaffepause vart det tur langs elva opp til Bønnavollan, og retur same vegen for å unngå allmannvegen og asfalt. For Kløverturgjengen er turstien eit riktig fint turområde. Her vil det bli mange Kløverturar framover. Får tru at det et etter kvart blir så lite koronasmitte, at det også kan bli Rusletur til Båthølen i løpet av sommaren.

Fint ver og god stemning . Foto: Dordi J H

Kafferast i Båthølen: Foto: Dordi J H

Og ikkje minst så var det kjekt å vera ute på tur utan ullstillongs og regnjakke!

Neste Kløvertur blir ikkje før 8. juni, da måndag om ei veke er 2. pinsedag og  «rauddag».

Fleire bilete frå ein fin dag:

I Båthølen, no er «gapahuken» på plass og snart er det klart for fisking i elva. Foto: Dordi J H

På Bønnavollan. Mykje snø i fjella: Foto: Dordi J H

Synnøve og Jorunn fremst. Foto: Dordi J H

Publisert: 25. mai 2020, 19:15