Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Velstelt kyrkjegard

Dordi Jorunn Halle Fredag 19. juni 2020

Fredag kveld var det slåttedugnad på kyrkjegarden. Her møtte det effektive og dyktige karar med godt og høveleg reiskap så resultatet vart retteleg bra; ein velstelt kyrkjegard. 

Magne Søyset og Ragnar Halle slår rundt gravminna. Foto: Dordi J H

Først vart sjølve kyrkjekgarden slegen med grasklipparar, etterpå kom kantklipparane fram; så det vart fint pussa både rundt gravminna og kyrkjegardsmuren. Det blomstrar fint no i godveret; ikkje minst er rododendronen aust på kyrkjegardn praktfull der han står i full blomstring! Men med sol, varme og lett bris så tørkar det fort; det trengst jamn vatning. 

John Moe pussar rundt kyrkjegardsmuren. Foto: Dordi J H

Det er flott at ildsjeler gjer dette arbeidet og held kyrkjegraden i så fin stand. Så stor takk til dugnadsgjengen for god og stor innsats som gagnar bygda vår!

Fleire bilete:

Leiar i soknerådet; Kristian Gjeldnes, brukte først plenklippar, før han tok litt opprydding rundt kompostbingen. Foto: Dordi J H

Ein fin og velstelt kyrkjegard og ein fin kveld. Foto: Dordi J H

Triveleg når det er nyslege og velstelt rundt kyrkja vår. Foto: Dordi J H

 

 

Publisert: 19. juni 2020, 22:48