Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fin Kløvertur i Kvennsetliene

Dordi Jorunn Halle Måndag 8. juni 2020

Kløverturen måndag 8. juni starta frå Halsbua i 7 grader, vind og regn. Regnjakker og vottar  måtte fram frå sekken og takast i bruk. Det såg ut til å blir ein hustre tur.

Men berre vi kom oss opp frå dei flate gjerda på Kvennset og opp i skogen, var det godt turver. Regnelingane gav seg, og i skogen var det lunt. Turfølget fekk ein fin turdag. Først gjekk turen innover skogsvegen frå Myrmo, men snudde da det vart bratt og langt gras, gjekk tilbake og følgde ein fin stiga opp til Løfta. Etterpå vart det rundtur nedatt om Rossåfossen. Han var stor og flott i dag! Kjekt å gå tur når det er med deltakarar med stor lokalkunnskap, og alle hjelper til så det blir ein god og triveleg tur.

Klare til start! Frå venstre: May-Elisabeth, Kari, Helga, Arndis, Synnøve, Jean, Helen, Åse Johanne, Dordi, Ester Karin, Marit, Jorunn, Sigrun. Foto: Dordi J H

Ein liten pause oppå Løfta. Namneskriving og bruk av antibac. Foto:Dordi J H

I dag var det femte turdagen etter to månader med koronapause i mars og april. Alle fem turane har starta frå Hals for å sleppe samkjøring i bil. Det kunne ein tru kunne bli kjedeleg og føre til at folk kutta ut Kløverturen. Men det er utruleg mange fine turar å gå i liene ovanfor Kvennset, eller utover til Småbåthamna, til Settefiskanlegget eller utover Stranda. I tillegg er det kort veg til Toåa tursti. Så konklusjonen er at det har gått kjøle godt med lokalturar med utgangspunkt frå Halsbua. I tillegg er det miljøvenleg.

Men sjølvsagt er det å håpe at det snart blir slik at Kløverturen kan leggast til andre grender.

Plana er å ha Kløverturar ut juni før det blir sommarferie. Måndag om ei veke ser det ut til at det blir tur utan vottar; langtidsvarselet på YR spår sol og 25 grader!

Fleire bilete:

På tur ned mot Rossåfossen. Foto: Dordi J H

Det vart ei lang rekke etter «den smale sti».Frodig og grønt! Foto: Dordi J H

Godt med vatn i Rossåa. Foto: Dordi J H

Publisert: 8. juni 2020, 20:10