Fotpleie i juli
No er det tid for ein ny runde med fotpleie i Todalen sanitetshus. Fotterapeut Pan Promchart kjem måndag 11. og tysdag 12. juli. Det er mange ledige timar båe dagane.
Vi fann 1042 artiklar i dette arkivet.
No er det tid for ein ny runde med fotpleie i Todalen sanitetshus. Fotterapeut Pan Promchart kjem måndag 11. og tysdag 12. juli. Det er mange ledige timar båe dagane.
Riktig godt og varmt ver, god stemning og mange med på tur – retteleg triveleg avslutning på Kløvertursesongen våren 2022.
Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur i Toåa tursti måndag 20. juni. Start frå Matkroken kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur i Toåa tursti måndag 13. juni. Start frå Matkroken kl. 11.00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Endeleg vart det sol, varme og Kløvertur i godver. Siste måndagen i mai gjekk turen frå Svinvika og oppover Gammelvegen til Kammen; ei riktig så fin turrute.
Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 30. mai. Start frå Matkroken Todalen kl. 11:00. Blir du med på tur?
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 23. mai. Start frå Matkroken Hals kl. 11:00. Blir du med?
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 16. mai. Start frå Matkroken, Todalen, kl. 11:00. Blir du med?
Todalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe i Sanitetshuset laurdag 14. mai i tidsrommet 13:00 – 16:00. Alle er velkomne!
Det var ikkje akkurat mildt og fint vårver første kløverturdagen i mai, men regnelingar og sterke vindkast. Turvandrarane måtte halde både på hatten og håret!
Søndag 1. mai gjekk startskottet for årets Stikk UT!-sesong. Godt ver og mykje folk både i Toåa tursti og i Svinvikrunden. Kjekt med turopplegg som gjer at det er lett å finne fram om ein er ukjent, og som er tilrettelagt for parkering.
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 2. mai. Start frå Matkroken Hals kl. 11:00. Blir du med?