Salg av fastelavnsris
Todalen sanitetsforening melder at det blir salg av fastelavnsris fredag 17. og laurdag 18. februar framfor Matkroken/Halsbua. Dei har både tradisjonelle bjørkeris og allergivennlege ris av lerk til salgs.
Vi fann 1042 artiklar i dette arkivet.
Todalen sanitetsforening melder at det blir salg av fastelavnsris fredag 17. og laurdag 18. februar framfor Matkroken/Halsbua. Dei har både tradisjonelle bjørkeris og allergivennlege ris av lerk til salgs.
Det har vore både mykje regn og vind dei siste dagane og glatte vegar. Vermeldingane for måndagen midt i februar var slett ikkje dei beste, men det var uansett dagen for kløverturoppstart for vårsesongen 2023.
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 13. februar. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Medlemmer av Todalen sanitetsforening var laurdag 11. februar samla i Sanitetshuset for å sjå overføring frå Oslo der årets Fredrikkepris vart delt ut. Fredrikkeprisen er ein heiderspris som blir delt ut årleg. Det var 17 nominerte til prisen i år, og Todalen sanitetsforening hadde nominert Kari Løvendahl Mogstad. Ho gjer og har gjort eit godt og viktig arbeid for kvinnehelse og opplysningsarbeid når det gjeld spiseforstyrrelsar. Men prisen gjekk til Lise Klaveness, og ein meir verdig prisvinnar kan ein knapt få. Ho fekk stor applaus frå sanitetskvinnene i Todalen.
Nordvik Grendalag kallar inn til årsmøte tysdag 28. februar kl. 19:30. Vanlege årsmøtesaker.
Leiar Maren Ansnes ønskte 18 medlemer vel møtt til årsmøtet, og ho syntest det var ekstra kjekt å seie velkomen til ein ny medlem i foreininga. Medlemstalet den 31.12.2022 var 87.
Todalen sanitetsforening held årsmøte i Sanitetshuset tysdag 7. februar kl. 18:30.
Surnadal heimbygdlag inviterer til årsmøte måndag 27. februar på Thon Hotel Surnadal. Årsmøtet startar kl. 19:00.
Etter ein lang og god julepause var det klart for første strikkkekaffe i 2023, og det var kjærkome! Heile 19 jenter i godt vaksen alder møttest i Sanitetshuset laurdag 28.januar.
Todalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe laurdag 28. januar i tidsrommet kl. 13:00 – 16:00.
Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal melder at Stikk UT! Vinter startar 15. desember! Her er det både skiturar og fotturar. I Todalen er det to vinterturmål, nemleg Tjønnmyran og Toåa tursti. Tjønnmyran er skitur, og Toåa tursti er fottur.
«Let it snow, let it snow» – song Tordenskjold songkor onsdag kveld i Ungdomshuset. Og det passa godt, for det snødde «gamle kjerringar» heile kvelden!